17 bringklutar og forvaltarsamfunnet i Kvam herad
ons26mai(mai 26)13:00fre28(mai 28)17:0017 bringklutar og forvaltarsamfunnet i Kvam heradUtstilling
Om arrangementet
Kunstnar Margrethe K. Brekke viser utstillinga 17 bringklutar og forvaltarsamfunnet i Kvam herad. I material, verktøy og møblar på Storeteigen kan ein sjå spor av fortidas forvaltningskultur. Det er vitnesbyrd om
Om arrangementet
Kunstnar Margrethe K. Brekke viser utstillinga 17 bringklutar og forvaltarsamfunnet i Kvam herad.
I material, verktøy og møblar på Storeteigen kan ein sjå spor av fortidas forvaltningskultur. Det er vitnesbyrd om levd liv frå tider med ein ganske annan haldning til ressursar enn dei me har i dag. Gjennom ei rekke opphald på Storeteigen bygdetun og i samtale med energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa og hangglidermeister Jon Gjerde, har Margrethe Kolstad Brekke grubla over kva motiv frå fortidas forvaltarsamfunn som kan fungere som ideal i samband med samtidas store utfordringar kring bærekraftig omstilling. Mellom anna har Brekke aktivert bringklut-formatet på eksperimentelt vis.
Musea i Hordaland har ei rik samling av bringklutar, mange av desse var opphavleg forvalta av Kvam bygdemuseum. Bringklutar har gjennom tidene fungert som eit spanande lite lerret for kreativitet og nyskaping, for å sette saman lappar, mønster, meining og symbol med leik og skapande virke til bruk av knappe ressursar. Utstillinga er utvikla på bakgrunn av transkriberte intervju med Frøysa og Gjerde, og går i dialog med stovene på Storeteigen.
>>> Sjå nettsida til kunstnaren
Tid
26. mai 2021 13:00 - 28. mai 2021 17:00(GMT+00:00)
Sjå arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.