Sesongopning 2025
lau10mai15:00lau18:00Sesongopning 2025ARRANGEMENT
Om arrangementet
NB! Meir info kjem – under finn du det som er førebels klart! Me er opne frå klokka 11 denne dagen, men opningsarrangementet starter på ettermiddagen: 15.00 Offisiell opning i Løa Kulturelle innslag
Om arrangementet
NB! Meir info kjem – under finn du det som er førebels klart!
Me er opne frå klokka 11 denne dagen, men opningsarrangementet starter på ettermiddagen:
15.00 Offisiell opning i Løa
Kulturelle innslag – TBA
Opning ved Per Morten Ekerhovd, direktør kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune.
Presentasjon av kulturhistorisk utstilling – ein samling av teikningane av Lagmannsstova, gjort av arkitekt Georg Fr. Fasting v/ Guttom Rogdaberg
Presentasjon av nyprodusert hefte om Lagmannsstove, red. Kunstlaget i Agatunet. V/ Kåre Grønsnes
Presentasjon av fotograf Elisabeth Emmerhoff, som har teke foto til heftet, og har eit utval bilete presentert og for sal i tunet, v/TBA.
17.00 Konsert med Quam og Plassen i Lagmannsstova. Billetter i døra.
Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.