– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Velkomen til Agatunet!

 

Opphavleg var Agatunet ein storgard, beviseleg attende minst til byrjinga av 1200-talet, som sidan har vorte oppdelt til fleire mindre bruk. Det har budd folk på Aga i minst 3700 år. Det finst mange fornminne både i og utanfor tunet – til dømes gravrøyser og -haugar, bautasteinar, offergroper og helleristing. Ein del av desse ligg ved det gamle hamneområdet, Skjervika, der ein kan fylgja ei kultursti med informasjon plassert undervegs.

 

Agatunet er eit av få klyngetun me har att i landet, og eit av dei best ivaretekne. Tidlegare var denne buforma utbreidd, og her på Vestlandet fanst mange slike tun. Ein samla husa – både bustadhus og driftsbygningar – i klynger, og den omliggande jorda var eit lappeteppe av teigar. Teigblandinga vart etterkvart ei utfordring for drifta, og jordskifta skaut for alvor fart tidleg på 1900-talet. 45 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Storstova i Agatunet, Lagmannsstova, vart freda alt i 1924. 30 av bygningane har sidan fredinga og påfylgjande ekspropriasjon tilhøyrt Stiftelsen Agatunet. Sidan 2006 har tunet vore drifta av Hardanger og Voss museum.

 

Her finst òg landet sin eldste rettssal, og ei spennande mellomaldersoge. Aga har vore eit storgods –  ein mektig gard med tette band til kongemakta i tidlegare tider. Dei siste 30 åra har tunet vore ope for publikum sommarstid, med omvisingar, kafé, utstillingar, konsertar, og andre arrangement. Me har òg eit leike- og aktivitetsrom for born. 

Me tek imot gjestar etter avtale heile året, og leiger ut lokale til private arrangement.

 

Me ynskjer deg ei fin oppleving her!

 
______________________________
 

I denne rettleiinga finn du informasjon om dei ulike husa og nokre av dei som budde her. Du finn alle husa att med nummerering på kartet. Nummera står òg på skilt på dei ulike bygningane.  

Agatunet er eit autentisk tun, og eit viktig nasjonalt kulturminne. Nokre av husa vert leigde ut som sommarhus, medan nokre omliggjande er i privat eige. Kva hus dette gjeld framgår i rettleiinga. Ver gild å ta omsyn til slike tilhøve, og ver varsam med ting både inne og ute i tunet.

  

HUSA SOM TILHØYRER STIFTELSEN AGATUNET:

 
1. Jakobsstova

Jakobsstova vert nytta både som uteleigebustad og kontor og personalrom for Agatunet, og er ikkje tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 1. Huset er opphavleg ei tømra røykstove frå 1700-talet som er ombygd tre gongar; på 1800-talet vart det ombygd i 1841, påbygd omlag 1860, og ved århundreskiftet vart huset ombygd til sveitserstil. Huset har to høgder og loft, og står på mura gråsteinsmur. Helletaket vart omlagd i 1985, og det vart gjeve løyve til innvendige moderne tilpassingar i 1992-93. Det er truleg mellomaldertømmer i deler av huset. I 2008 vart hellene tekne ned og taket restaurert. Huset vart oppattmåla i 2016.

Jakobsstova har vore heim til mellom andre jekteskipperen Knut Aga (1844-1936), kalla Jakobs-Knut. Knut var ein av dei mest vidgjetne og uredde skipperane frå fjorden. Han sigla utaskjers frå Bergen til Lofoten – på 68 timar!, og flakka vidt med jakta si, mellom anna like til Arkhangelsk og Baltikum. Me veit at han var ven med væreigar Zahl på Kjerringøy, som hadde Knut Hamsun i arbeid.   Jakobs-Knut hadde resten av Hamsuns familie i arbeid. Hamsun sjølv haika med Knut til Lofoten, og seinare sørover til Hardanger. Det er sagt at Jakobs-Knut er modell for skipper Skåro i romanen Landstrykerne (1927).

Jakta hans, «Urda», er freda, og ligg for tida på Isegran i Fredrikstad til restaurering. Urda vart bygd i 1882 av den dyktige båtbyggjaren Lars Skåla i Rosendal, og var den 5. største av dei omlag 1000 jaktene som fanst i Noreg kring 1900. Ho var 77 fot og kunne lasta 800 tønner, og er positivt omtala i eikvar kjelde der ein finn ho nemnd.

Knut hadde sigla med far sin frå før konfirmasjonsalder. Faren Jakob Knutson (1805-1874) kom frå Ytre Bleie, og gifta seg til bruket på Aga. Jakob var fartyeigar, han var med i sildefisket og sigla med landsvarer. I tillegg dreiv han godt på garden: i 1866 er han skriven med 16 tønner bygg, 36 tønner poteter, 1 hest, 7 kyr og 17 sauer. Når sonen i sin tur gav opp sjøen i 1888, sto han ikkje tilbake frå far sin – han er sagt å ha vore ein like drivande gardbrukar som han var skipper.

Siste bebuar i huset før oreigninga var son til Jakobs-Knut, gardbrukar og frukthandlar Vigleik (1877-1957) og kona Johanna (1884-1958), og sonen Knut Vigleiksson (1909-1990) og kona Anna (1906-2003). Knut og Anna gifta seg i 1940, og overtok bruket i 1943. Dei var blant dei siste av familiane som bygde nytt hus. Det vart reist like nord om tunet, og dei flytta dit i 1949.

Den verdskjende amerikanske poeten Robert Bly (1926-) budde i denne stova under eit opphald i Hardanger i 1994. På farssida kjem familien hans frå Bleie. Bly har gjort eit stort arbeid med å oversetta norsk litteratur til engelsk. Han har mellom anna oversett Olav H. Hauge, som var ein nær ven og i tur oversette Bly til nynorsk. I 1994 vitja Hauge Bly her i tunet, og me har fyrstehandsskildringar frå korleis dei to poetane sat i lange tider og diskuterte nyansane i enkeltord.

 
2. Jakobseldhuset

Tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 1. Eldhus reist med to grinder og bakvegg i naturstein med grue og omn. Truleg reist midt på 1800-talet. Kledd med sua liggande panel og ståande panel med over- og underliggar. Taket er tekt med heller. Eldhuset har dobbel baksteomn, som det einaste i tunet.

Eldhusa vart nytta til flatbrød- og krotakakebaking, ysting, tillaging av slakt og ølbrygging. Her vaska dei klede og varma vatn til dyra på vinteren, og bada ein gong i mellom. Om sommaren gjekk dagleg matlaging og eting gjerne føre seg her. Eldhusa hadde eitt rom, som regel med ei god grue for koking og steiking, og etterkvart kakeomn i tillegg. Dei måtte ha plass til eit bakstebord, som vart hengt opp når det ikkje var i bruk. Eldhusa kunne vera bygde på ymse vis, men det var alltid mur attom grua. Høvelbenken kunne òg stå her.

 

3. Vetlahus til Jakobsstova

Tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 1. Ein romsleg utedo på låge steinstabbar med veggar av grindverk og utvendig panel. Det meste av panelet er skifta i nyare tid. Skifertaket har store firkantheller lagt rett på takverket. Golvet er av breie skarfjøler, omlag ein tredel av dei er nye. Doen har tre sete, herav eitt barnesete. Attmed doane står ein rusten omn med skiferhelle på, som skal vera den gamle komfyren frå kjøkenet i Jakobsstova. Vetlehuset vart vølt i 2006.

På 70-talet var NRK på reportasjetur til Agatunet, og intervjuaren, som var vane med meir private tilhøve på toalettet, spurde omvisar Anna Aga kvifor dei hadde så mange sete på utedoen. «Da var no godt å ha lag i myrkne», svara ho Anna.

 
4. Jakobsbua

Tilgjengeleg for publikum, og vert ofte nytta til utstillingar. 

Tilhøyrde bruk 1. Lafta bu i to høgder, som er kledd utvendig med sua bord, og har tak tekt med heller. 

Stabburet står på litt uvanlege stabbar, støypte av sement. Dei noverande er kopi av dei opphavlege, og laga tidleg på 1990-talet. Dei fyrste stamma frå ein båt som frakta kalksement i tønner. Det kom vatn i lasta, og sementen herda i tønnene. Dei sprette av tønnebanda og ei kreativ sjel såg at innhaldet kunne nyttast som stabbar. Stabburet fekk ei omfattande vøle i 2020.

Jakobs-Knut, jekteskipperen som er omtala over (1.), hadde kontor i stabburet. Her underskreiv Knut og båtbyggjar Lars Skåla byggekontrakten til den kjende jakta Urda (sjå 1.)

 
5. Jostova

Stova vert nytta som feriebustad og er ikkje tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 2. Jostova er ei tømra bygning i to høgder med gråsteinsmura kjeller. Stova i første høgda er opphavleg ei røykstove frå mellomalder, truleg like gammal som Lagmannsstova – men dette er ikkje dokumentert. Tømmeret har store dimensjonar, og mykje av det har ikkje vorte kløyvd. På taket ligg det skiferheller. Huset vart oppattmåla i 2016, og i 2017 vart taket vølt. Hellene vart tekne ned og råtne sperr og trobord skifta. Sperra som kom til syne var mellomaldersperr med usedvanleg flotte profilar, og fleire av desse kunne nyttast vidare. 

Jostova var samanhengande busett etter fredinga, heilt fram til byrjinga av 2000-talet. Jofolket var mellom dei fyrste som fekk opp ny bustad. Det nye våningshuset på Nyeslåtten i lia sørvest for tunet kom opp allereie i 1942. Jon Aga (1908-1969),  som hadde overteke bruket i 1941, flytte inn i nyehuset med kona si, Gudrun Skeie (1908-1979) frå Kvinnherad. Dei hadde budd i vaktmeisterbustaden i grendahuset Sagatun, der Gudrun styrde telefonsentralen. Foreldra til Jon, Ola (1869-1951) og Guro (1881-1978) budde lenge att i tunet. Fyrst i 1952 sto nytt hus ferdig i Syreflothagen, ein dryg kilometer sør om tunet. Guro var no blitt enkje, og flytta dit.

Den siste som budde i Jostova var Rikka Aga (1911-2005) frå Bremanger.

Rikka sitt fødenamn var Henrikke Rasmine Alvhilde Igland. Far hennar og brørne hans omkom på havet når dei skulle fiske til barnedåpen hennar. Det vetle barnet fekk namn etter faren og onklane, Henrik, Rasmus og Alv. Ho vart i 1941 gift med Johannes L. Aga (1910-1981) frå bruk 7. Johannes arbeidde mellom anna på saftfabrikken og som murar, medan Rikka overtok telefonsentralen på Sagatun etter Gudrun Aga. Frå 1952 leigde dei Jostova i tunet av Stiftelsen Agatunet. Dei hadde 3 små når dei flytta inn. 

Rikka passa på i tunet, og let dei veta om dei gjorde noko som ikkje passa med det gamle. Ho budde i Jostova nesten heilt til det siste, og med Rikka vart kontinuiteten i busettinga i sjølve Agatunet broten. 

I kaféen serverer me ei nydeleg krydderkake etter Rikka si oppskrift.

 
6. Gjertrudstova

Fyrste etasje tilgjengeleg for publikum.

Gjertrudstova er ei husmannsstove, og den einaste gjenverande stova i tunet med kvinnenamn. Stova høyrde fyrst til under bruk 7, men vart overført til bruk 2 i samband med eit makeskifte i 1841. Ho er truleg ei sein 1700-talsstove, med tømra stove og eit forrom/gang. I forrommet er der ei grue med pipeløp over tak. I stova er det jarnomn med pipeløp, og vindauge med utvendig skodde. Tømra er bordkledd utvendig. Fram til 1950-talet var taket tekt med never med teglpanner oppå, som var vanleg byggjeskikk på mindre hus på 1800-talet. Ein tekte med tegl for å sleppe å byte never. Tekkinga vart seinare bytt til eternittplater med torv oppå. I 2010 vart taket restaurert, og igjen tekt med never og torv. Det er det einaste huset med heilt torvtak som er att i tunet (Isaksbua er delvis torvtekt). Det er ein liten kjellar under huset, der dei hadde husdyr. Dei hadde ikkje do, men ei tønne utforbi novet som dei tømte potta i.

Gjertrud Olsdotter Aga (1828-1919) var fødd på bruk 1, på den delen som etter eit skyldskifte i 1841 vart bruk 2. Ho gifte seg med Knut Sjursson (1827-1891) frå den velstilte husmannsplassen Øvstebødnen utom tunet. Mor hans og alle hans sju sysken emigrerte til Amerika i perioden 1858-1864. Det var mange agingar som fòr til Amerika i siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste fór på 1830-talet. Nokre kom att. 

Gjertrud og Knut fekk feste plassen kring 1860, og i 1875 står dei i teljingane med 1 kyr, 6 sauer og halvanna tønne korn. Knut var skomakar og snikkar ved sidan av å vera husmann. Dei fekk ingen born som vaks opp.

Gjertrud budde på plassen heile si tid, i nær 30 år som enkje. Bror til Gjertrud, Tobias (1839-1908), flytte inn ei tid etter at Knut døydde. Han var frukthandlar og ugift. Det kunne verta vanskeleg for husmannskoner når mannen fall frå, men Gjertrud klarte seg bra. Ho tente til livsopphald gjennom handverk, særleg saum. Ho selde mykje til Bergen. Singermaskina som står i stova er hennar. Gjertrud skal ha vore snill og sjenerøs, og hatt sut for ungane i tunet. Ho var kjent for mjølkekakene sine. 

I stova ser me nokre fine ting, mellom anna ei amerikaklokke på veggen, som dei kanskje fekk i gåve frå Knut si slekt? Her er òg ein barde frå kval, som skal ha vore ei gåve frå Island. Opphavleg hadde dei soveplass på lemmen og romslegare tilhøve i stova, men senga vart flytt ned når Gjertrud vart so gamal at trappa vart for tung å gå. Møblane er i liten grad originale. Kista som står her er ekel, medan Gjertrud sjølv hadde ei særs flott kiste, som framleis finst hjå slekt på Aga.

 
 
7. Eldhus til Jostova

Tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 2. Eldhuset er reist tidleg på 1800-talet. Det har ståande stavar og delvis tørrmur, og er kledd med ståande kledning. Baksteomnen og mur/pipeløp er i naturstein og teglstein. Beslaga på vindauga er uvanleg fine til å stå på eit eldhus. Bygningen vart istandsett i 2016. Under (2.) kan du lesa litt generelt om eldhus.

 
 
8. Stabbur til Jostova

Ikkje tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 2. Lafta stabbur i to høgder, ståande på steinstabbar. Truleg reist seint 1700-tal, mogleg endra noko tidleg 1800-tal. I fyrste høgda er bu, gang og kove. Bua har sidesval på båe sider, den eine med inngang berre frå langsida. Det er vindauge i gavlvegg i båe høgder, i gavl over dør, og i kova. Det er kledd utvendig med sua kledning, ein del er gjenbruk. Taket er tekt med brent tegl, som det einaste i tunet. Alle pannene vart skifta i ei vøle i 2007-2008.

Det finst noko mellomaldermaterial i dette stabburet. Me trur at dei opphavlege pannene på bua kan stamma frå Ullensvang kyrkje. Tegltaket der bles av i ein storm jolenatta 1806. Etter det vart kyrkja tekt med skifer, og dei attverande heile pannene vart selde.

Målaren Lars Osa (1860-1958) budde i denne bua ein periode kring 1927, før han flytta til «Hallingehuset», ein husmannsplass under bruk 5, som sto like sør om tunet fram til 1980-talet. Han hadde fått utsmykkingsoppdrag til det nye grendahuset «Sagatun», som vart reist sør om tunet i 1926. Han måla og mange portrett av agingar som vart tinga privat. 

Grendahuset vart reist etter at skipper Johannes Larsson Aga frå bruk 7 (1839-1914) testamenterte pengar til bygging og vedlikehald av huset, og det fekk namn etter jakta Johannes førte.

Historisk var gjerne stabbur og buer dei fyrste huset i tuna som vart bygd med to etasjar. Alt på 1600-talet vart det sett inn vindauge i buene, meir enn 100 år før det kom vindauge i stovene. Dette stabburet har uvanleg mange vindauge.

 
 
9. Lensmannsstova/Ådnesstova

Tilgjengeleg for publikum. Stova huser i dag kafé, butikk og utstillingslokale. 

Tilhøyrde bruk 4, og er sett saman av to hus. I sør ei røykstove sett opp i 1780, med kove og gang, og med delvis loft. Ei ope sval på vestsida, der det kan ha vore tilbygd ei stove tidlegare. I nord ein bygning reist på tvers av den første, med to høgder. Desse bygningane vart samanbygde ein gong på fyrste halvdel av 1800-talet. Begge er kledd med sua panel og tekt med heller, og reist over to mura kjellarar. I søndre kjellar er det i dag innreia siderkjellar, med gamalt utstyr.

Stova vart tekt om i 1805, og fekk eit ekstra omfar og nytt tak med eit lite opplett under ei vøle i 1846. Stova i nord er reist i 1811, men har tømmer frå mellomalder som er kløyvd, med restar etter sprett-teljing. Nokre dører, glas og listverk i fyrste etasje seiast å koma frå det gamle Svaneapoteket i Bergen. Søndre del av taket vart restaurert i 2018.

Før bygningane vart samanbygde på 1800-talet gjekk eit smau mellom husa. Nabokona tykte ikkje om at denne vegen forsvann. Ho hevda vegrett gjennom huset, så lensmannen som åtte det kunne ikkje låse døra, for støtt hadde ho ærend gjennom huset.

Omnen som står i den nordre stova, attmed kaféen, skal vera den fyrste jarnomnen som kom til Aga, i 1824. Den fyrste jarnkokeomnen i tunet skal òg ha vore sett inn på dette bruket, i 1835. Dei skal òg ha fått den fyrste kaffikverna og kaffikjelen, i 1839. Tidlegare var kaffi nær ukjend. På kjøkenet, der kaféen no ligg, var det grue (som i Gjertrudsstova (6.)) heilt fram til 1876, då komfyr vart sett inn. Skorstein fekk dei fyrst i 1882.

Røykstova vart reist her i 1780, av smeden Peder Johannesen Aga frå ytre Jåstad. Foreldra hans vart fråtekne sin tilbygsla gard der og hamna etterkvart på legd. Faren, som hadde vore soldat og med Tordenskjold i Dynekilen, var då blind.     I 1768 fikk Peder kjøpa ein del av garden Aga til ein særs høg pris. Ingen hadde tru på at han skulle greie skulda si, men slik dyster spådom gjorde Peder til skamme. Han gjorde det stort som smed, og hadde fleire menn i arbeid. Peder sette etterkvart opp denne stova, og tok til seg foreldra sine. Han betalte ned gjelda si på kort tid, og la seg opp pengar vidare. Rentene dela han ut til dei fattige. 

I dette huset, der det har vore mange dyktige smedar og gode gardbrukarar, har det og vakse opp tre stortingsmenn. To av dei budde her i vaksen alder:

  • Johannes Pedersen Aga (1767-1838) var ein føregongsmann i hagebruk, og dyrka dei fyrste gravensteinsepla i Noreg. Dronning Sonja har planta eit gravensteinstre til minne om dette, ved vestveggen på Isaksstova. Johannes var lensmann frå 1822-30, og stortingsmann i 1818. 
  • Lars Johannesen Aga (1800-1886), flytta til Hovland der han verka som lensmann og dreiv gard (bruk 3). Han var stortingsmann i 1842 og 1845. Johannes Johannesen Aga (1814-98) var òg lensmann, som bror sin, Lars. Johannes var den fyrste i Hardanger som gjekk på landbruksskule. Han kom heim med den fyrste jarnplogen i heradet, og kosta òg den fyrste drøftemaskinen her, i 1834. Han var ordførar frå 1842-1877, og stortingsmann i 1857-1873. 

Johannes bygde kårhus 1880-åra, kjent som Seljedokke, like aust om tunet.

Familien bygde ny driftsbygning og nytt våningshus like ved kårhuset, og flytte ut i 1946. Lars Arntsson Aga (1935-), som vaks opp i Agatunet og overtok bruket i 1974, har vore ei viktig kjelde til informasjon om tunet. På denne garden har ein bygd opp eit stort arkiv av fleire tusen dokument, heilt attende til 1760-åra. I 2019 vart «Agaarkivet» flytta til sikre lokale i Odda.

 
 
10. Ådnesløa (med flor) 

Ikkje tilgjengeleg for publikum.
Tilhøyrde bruk 4. Løa er ei typisk vestlandsløe frå 1800-talet. Ho er grindbygd, og står på gråsteinsmura fjøskjellar. Løa er kledd med supanel, og på taket ligg rastaheller. Det store helletaket vart restaurert i 2007-8.

 

11. Ådnesbua – stabbur

Vert nytta som sommarhus og er ikkje tilgjengeleg for publikum
Tilhøyrde bruk 4. Stabbur i to høgder på steinstabbar. Stabburet har tømra rom med sval langs sør- og vestsida. I bakken under bygningen er ei sild- og fiskebu i naturstein med dør og vindauge. Utvendig kledd med sua, umåla bord og tak tekt med store heller. Heile taket har vore omlagt tidlegare. 

Den kjende arkitekten Georg Fredrik Fasting (1903-1987) budde i denne bua i periodar under andre verdskrigen. Han budde òg i Isaksstova (29) Medan han var her, målte og teikna han opp heile tunet. Teikningane hans har vore av stor verdi for Agatunet seinare, særleg under restaureringsarbeid. Kartet i denne rettleiaren er teikna av Fasting.

 
 
12. Veaskykkja

Ikkje tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 4. Vedaskykkja er datert til tidleg 1800-tal. Ho er reist av to grinder med skukk (loftslem). Kledd med sua, liggande bord, og ståande bord med over- og underligger. Taket er tekt med middels store heller. Skykkja er framleis i bruk som vedlager.

 
 
13. Vetlahus til Lensmannsstova

Ikkje tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 4. Vetlehus reist av to grinder. Doen er ein to-seter. Fundament og trapp i naturstein. Taket er tekt med heller. Sua bordkledning. Fundamentet er ope mot aust. Her har vore ein lem, som skal på plass att. 

Vetlehuset vart vølt i 2019. Hellene vart tekne ned, og rote sperr og trobord skifta. Bygget vart behandla mot husbukk. Dei opphavlege hellene vart lagt opp att på taket. Noko arbeid gjenstår med interiøret.

 
 
14. Halvtekkja (sjå under 15.)
 
 
15. Sveinsstova

Stova vert nytta som feriebustad og er ikkje tilgjengeleg for publikum.
Husmannsstove under bruk 4, som vart festa av Svein Larson Ullensvang (1802-1891). Han dreiv òg med bandasmiing.

Stova sto opphavleg på husmannsplassen Sveinsgarden, nokre hundre meter nord om tunet. Plassen var skredfarleg, så stova vart flytt til klyngetunet på Aga, truleg kring 1855. Stova er det einaste huset som me veit at i nyare tid er flytta inn i tunet. Stova er i to høgder med ein lav lem i tillegg. Eitt tømra rom i kvar høgd – stove og stovelem. Tømra er gjenbrukt og har kløyvd tømmer. Truleg vart huset ombygd og utvida når det vart flytta inn i tunet.

Skykkje (halvtekkje) i to høgder på baksida. Bygningen er kledd med sua, raudmåla bord. Bygningen står på kjellar mura i naturstein. Tekt med skiferheller.

Lem til å trekke opp framfor to vindauge i stova i 1. høgda. Bygningen vart vølt kring 1980.

Sveinsgarden var ein husmannsplass som berga seg vel. I 1875 sådde dei 1,5 tønner poteter, og hadde 3 kyr og 8 sauer. Sauene stod i kjellaren i Sveinsstova. Kyrne hadde dei truleg i Ådnesfloren. Dei hadde vatn frå berget bak huset. 

Siste husmann var Lars Sveinsson (1833-1924). Han var bygningsmann. Lars fekk 5 born med den fyrste kona si, Synneva Hus (1837-1880), som alle utvandra. Etter 6 år som enkjemann gifta han seg i 1886 oppatt med Anna Isberg (1857-1940) frå Apold. Dei fekk 4 born. Ein son utvandra. Plassen gjekk innatt under hovudbruket etter at Lars døydde, men huslyden vart buande i stova. Eldstedottera Kristi (1887-1965) budde heime med foreldra sine. 

Dei siste som budde i stova var ein av tvillingsonene til Kristi, Lars Aga (1915-1978) og huslyden hans. Han vart gift med Åsta (1914-2002) frå Bremanger. Etter utskiftinga fekk dei hustomt på Syreflot ein kilometer sør om tunet, og i 1950 flytta dei ut frå Sveinsstova.

Utanfor dette huset står det som moglegvis er Noregs største gullregn. Treet vart planta i 1932 av Alfred Aga, tvillingbror til Lars. Alfred hadde med ein stikling frå hagen til Hotel Ullensvang på Lofthus, der han arbeidde.

 
 
16. Johansstova

Deler av huset tilgjengeleg for publikum. 

Fyrste høgda av huset og delar av kjellaren vert nytta til utstillingar, filmframsyningar og andre arrangement. Nordre kjellar vert normalt nytta til utstilling. I den nordre stova, som er nytta som filmrom finn du òg ei fotoutstilling med gamle gardsfoto frå Aga tekne av den kjende fotografen Knud Knudsen, samt syning av ulike filmar. Stova kan leigast til private arrangement.

Tilhøyrde bruk 5. Huset er ei tømra lemstove som vart reist i 1811, etter at den øvste delen av mellomalderanlegget vart rive. Etter seiande hadde denne delen av anlegget større tømmer enn Lagmannsstova. Stokkane skal ha vore 12 alen (1 alen = 62,75 cm) lange og minst ein alen breie, og i veggene vart det funne raudt ullty som tetting, og to råopalar.

Huset vart ombygd til noverande form i 1856, då vart truleg nordre stove tilbygd. Nordre hushjørne er kutta i nedre del, så ein kunne klare svingen opp mellom husa med kjerre. Huset er tømra og har lem over heile høgda. Bygningen står på tre kjellarar: Eit matrom, ein potetkjellar og ein liten fiskekjellar. På taket ligg rastaheller. Huset har enkle sveitserstil-detaljar som truleg vart tilføyd i 1856.

Bruk 5 vart skilt frå bruk 4 kring år 1700. Gardshuset (stove med mura kjellar, stolpebu, løa (med flor og gjødselskjellar) vart branntrygda for 490 spd i 1855.

I 1917 døydde Johannes Aga (f.1893), som skulle overta bruket, berre 24 år gamal. Han var einaste son i familien. Han hadde tre systre: Birgit (1882-1967), ho var gift til ein gard på Ringøy; Gurid (1888-1966) var gift med sakførar Lars Aga og hotellvertinne på Utne hotel. Den siste av systrene, Marita «Malla» (1885-1985), var gift med Johan (1879-1960), opphavleg frå plassen Birgesberg på Aga. Dei budde i Haugesund, der Johan hadde vakse opp, og der han verka som handelsmann, som far sin. Malla vart kalt heim for å overta bruket, og dei valde å forlate Haugesund. Dei hadde med seg 3 born. Yngstedottera vart fødd på Aga.

Johan fekk skøyte frå svigerfar sin i 1919. Han hadde ikkje vakse opp korkje på Aga eller på gard, og det vart nok ikkje berre enkelt for han. Han var ikkje mykje til gardbrukar, men han var ein gemytteleg og verdsett kar. Han sat i heradsstyret frå 1929-37, i styret for Kinsarvik Sparebank (1922-49), og i styret for Stiftelsen Agatunet, som vart oppretta etter jordskiftet i 1938. Malla var særs sosial, og likte godt å samla folk ikring seg, og å fortelja eventyr til borna. Ho vart over 100 år, og står sterkt i minnet til mange på Aga.

Etter oreigninga i 1938 sette dei fyrst opp løe, og våren 1947 flytte dei inn i det nye våningshuset på Johansbødnen, eit stykke sør om tunet. Det flotte møblementet i dragestil som idag står i søndre stova er ikkje opphavleg frå bruket. Det er skore av Trond Utne (1877-1956), systerson til den store treskjeraren Lars Kinsarvik (1846-1925), som han gjekk i lære hos. Me veit ikkje kven som har vove det flotte trekket i nydeleg avstemte farger.  Møblementet var opphavleg eigd av ein skipsreiar i Bergen. Det kom til Agatunet i 2018.

I gangen heng bilete av ulike jakter som har vorte førte av skipparar frå Aga. Det har budd mange sjøfolk i dette huset.
I søndre stova ser du fleire av akvarellane med motiv frå tunet som arkitekten Georg Fr. Fasting måla midt på 40-talet.

 

17. Johansstabburet

For tida ikkje tilgjengeleg for publikum

Tilhøyrde bruk 5. Stabburet er reist på byrjinga av 1800-talet, truleg 1811. Det er lafta, i to høgder, og står på steinstabbar på mur. Under stabburet finst eit ope kjellarrom med fire større gråsteinsmurer, som kan tyde på at bua er reist på gamle tufter, over ein eldre kjellar. Konstruksjonen av muren kan tyde på at det er snakk om ein mellomaldermur. Det er ikkje umogleg at den er ein opphavleg del av mellomalderanlegget. Det går ei lita steintrapp ned til kjellarrommet. Stabburet har rastaheller på taket. 

Johansbua er ei romsleg sengebu med fine detaljar, som eit blyinnfatta vindauge i gangen, innbygd brennevinsskap mellom vindauga i bua, og plassbygde krunesenger (himmelsenger).

Buene vart nytta som både lager og sovesal. Mens ein enno budde i røykstover kunne ein ikkje lagra rosemåla kister og andre stasting inne i røykstovene, av di alt vart tilsota. Dersom det ikkje var eige stabbur til mat vart gjerne både mat og klede lagra i bua. Bua vart brukt som gjestehus, og loftet til soverom for ungjentene i sommarhalvåret. Mang ein unggut har vore på friarferd på ein bualem opp gjennom tida.

Buene hadde ingen eldstad og var kalde om vinteren. Det vanlege var at buene var dels tømra og dels stavverk. Dei romma som skulle nyttast som lager vart gjerne tømra for å halda utøy ute, medan soverommet var tømra for å halda på varmen. Bua kunne og òg verta nytta i samband med bryllaup, då vart det oppreidd til brureparet i bua bryllaupsnatta.

Langs veggane stod vanlegvis rosemåla kister. Skikken var at alle vaksne skulle ha kister, og i bua stod dei alle, jamvel tenarkistene. I kistene gøymde folk dei dyraste og kjæraste eignelutene sine; staup og syljer, linskjorter med silkekragar, saumaforklede, bringeklutar og skaut. Somme kister hadde flaskefôr til å gøyme brennevinsflaska i.

I bua stod jamt ei oppreidd seng til folk som trong husvære for ei natt eller to.

 
 
18. Vetlahus til Johansstova

Ikkje tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 5. Utedoen er truleg bygd tidleg på 1800-talet, og reist på fire stavar i hjørna. Taket er tekt med fire store heller og overliggar. Kledd med ståande supanel, med heller nedst mot bakken. Doen er ein toseter, eitt av dei tilpassa born, med to trappetrinn. Stabburet har i nyare tid vore nytta som hønsehus. Er no stengt for restaurering.

 
 
19. Johanseldhuset

Tilgjengeleg for publikum. 

Tilhøyrde bruk 5. Eldhuset er ein grindbygd eittroms bygning, på tørrmura gråsteinsgrunnmur, med kraftig gråsteinsmura pipe, og ei blanding av ståande kledning lagt kant i kant, eller som over- og underliggarar, og liggande sua kledning. Bakmuren til grua er dekt med heller utvendig. 

Eldhuset er truleg frå tidleg 1800-tal, grindbygd på tørrmura gråsteinsmur, og har firkantheller som ligg rett på takverket. To dører, ei av dei horisontaldelt med ei luke i nedre del. Slike lutadører vart gjerne sett inn slik at ein kunne ha øvste del open og sleppe inn ljos, medan neste del var stengt og heldt dyr ute. Eldhuset har ei romsleg grue, og teglmura kakeomn i den høgre vangemuren til grua. Golvet er dekt med heller. Ein del kledning, særleg i vestveggen, er skifta i seinare tid, og eldhuset skal restaurerast ytterlegare.

Dette eldhuset er det einaste som ligg innimellom hus og stabbur i tunet. Dei andre eldhusa er grunna spreiingsfaren for brann plassert i bakkant av tunet. Den uvanlege plasseringa skuldast truleg at var ein vassplass bak bygningane her, Lækjo. Frå denne vassplassen var det helst folket frå Asbjørns, Isaks, Johans og Lagmannsstova som henta vatn, og her vaska dei kjørel og klede. Nord om tunet går Storebekken, som hadde langt større vassføring og difor gjerne har vore nytta av alle til større vaskeoppgåver, både klede, smalagrinder, gardsutstyr og dess like. Sommarstid fyrte dei i ei stor ope grue ved Storebekken.

Lækjebekken gjekk i kisteveit – ei mura, underjordisk grøft – ned mellom bygningane, og vassplassen var ei fint mura nedsenking i terrenget bak og ovom eldhuset. Når vassplassen seinare vart attfylt vart oppkomet lagt til nordveggen til Asbjørnshuset. Det er framleis synleg, men etter større gravearbeid på plassen er det no berre såvidt det piplar her. Den gamle mura vassplassen finn me ikkje spor etter i dag.
 
 
20. Johansskykkja 

Tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 5. Skykkja er truleg reist tidleg på 1800-talet. Ho er grindbygd, og delvis bordkledd. Ope mot aust. 

Løa til Johansbruket sto opphavleg like nordaust for dette bygget. Skykkja vert i dag nytta til lagring av ymse materialar og baksteved til krotakakebakinga som vanlegvis gjeng føre seg i bakstekjellaren i Haldorsstova på sommaren.

 
 
21. Haldorsløa 

Løa nyttast som verkstad, og er ikkje tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 6. Grindbygd løe ståande på mura kjellar. Store rastaheller på taket. Helletaket vart restaurert i 2010 og 2011. Alle sperra måtte skiftast, og dei vart øksa på same vis som dei opphavlege sperra. Nordveggen fekk ny kledning skore på oppgangsaga i Herand.

I kjellaren hadde dei dyr. Innreiinga i floren er i hovudsak intakt.

 
 
22. Damhus

Tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 6. Grindverksbygning med helletak, som vart restaurert i 2012. Taket er delvis rastaheller, delvis villheller. Truleg reist tidleg på 1800-talet. 

Eit damhus er eit gjødselhus, der ein lagra møkk og land (urin) som skulle nyttast på bakkane. I dag står gamalt landbruksutstyr her.

Grindverk er ein eldgamal byggjeteknikk, som har vore mykje nytta på Vestlandet. Byggjemåten har vore mest utbredd frå Rogaland til Møre. Det finst mange eksempel på grindverk i Agatunet, og her er den enkle konstruksjonen godt synleg. Grindverk kan sjå spinkelt ut, men er ein utruleg sterk konstruksjon.

Mange trur at denne teknikken er ei vidareutvikling av forhistoriske konstruksjonar av langhus der folk og fe budde under eitt tak som vart bore av parstilte, jordgrovne stolpar. Ein kjenner  stolpespor av slike bygningar som kan vera over 4000 år gamle. Dei siste hundre åra kjenner ein teknikken frå løer, naust og uthus.

 
 
23. Lagmannsstova

Tilgjengeleg for publikum under omvising eller på førespurnad. Vert nytta til ymse tilstellingar. Kan leigast til private arrangement. Nordre kjellar har utstilling. Søndre kjellar er eit leikerom for born.

Tilhøyrde bruk 6, men fleire andre bruk har hatt delar i stova. Lagmannsstova vart tidlegare kalla Storstova. 

Mellomalderbygningen Lagmannsstova var del av eit større bustads- og administrasjonsanlegg av europeisk modell. I bygget var det òg privat kapell, sør om stova. I Lagmannsstova budde riddaren, gulatingslagmannen og riksråden Herr Sigurd Brynjulvsson, som vart fødd kring 1235 og levde til 1303. Det må ha vore far eller bestefar hans som reiste bygningane. Delar av anlegget, ei tilsvarande stove med fire steinrom som sto vest om denne, vart rive i 1811. Tømmeret herifrå vart nytta i andre hus, til dømes i Jostova (5.). I dag er Lagmannsstova det einaste huset av sitt slag i Noreg, og eit av våre best ivaretekne verdslege mellomalderbygg. Lagmannsstova vart freda i 1924.

Lagmannsstova er ei stor røykstove som er lafta i findalslaft, ein lafteteknikk ein kjenner frå før 1350. Det tømra rommet måler innvendig 7 x 7,5 meter og har store dimensjoner på tømmeret. Tømmeret er datert med dendrokronologi til 1220, og seiast å koma frå Varaldsøy lengre ute i Hardangerfjorden. Høgda frå golv til møne er 5 meter. Stova har hatt 3-romsplan med 2 spissbogeforma dører i sørveggen, ei dør til gangen og ei til koven. Beslaga på dørene som finst her i dag, er flytta frå kapellet som vart rive i 1811. Heile bygget står på to særs fint mura mellomalderkjellarar med uvanleg høgd, vel ein meter tjukke.

Begge kjellarane har tilkomst frå dører i vestveggen. Dei er frå 1700-talet. Bjelkane i taket i nordkjellaren er tilhogde ved sprett-teljing, og øksespora er godt synlege.

I fasaden mot vest er ein svalgang, med tilgong frå ei trapp. Før 1811 var det også svalgang mot aust. Halvlem over tømra stove, og lem over sørdelen. Desse er ikkje originale.

Stova har hatt ei takvøle kring 1485, og ein ny reparasjon i 1768, då sperra vart fornya og ein halvlem og ein bete vart lagt inn. Ein handsmidd strekkfisk er sett inn på tvers av rommet. Me veit ikkje kva tid, men den er truleg frå (sein?) mellomalder. Det er eit sverdhogg i jarnet i strekkfisken. Vindauge og helletak er frå ombygginga i 1811, når romma sør for stoverommet vart fornya med stove, kjøken og gang i sagskore lafteverk. Før 1811 sto eit stavbygd kapell der dei nye romma vart bygd, eller der Isaksstova i dag ligg, i sørenden av Lagmannsstova. Det meste av taket er tekt med store rombeforma skiferheller. Føre 1811 har taket vore nevertekt og dekt med torv. Aller fyrst kan det ha hatt spon, slike me kjenner frå stavkyrkjene.

Herr Sigurd Brynjulvsson har tilhøyrd ein maktelite som deltok i statsforvaltinga i høgmellomalderen, og me forstår stadig meir av Hardanger og Aga sin posisjon i denne tida. Sigurd var riddar, lagmann for Gulating – i ei tid der lagmenn òg hadde byrja å setje rett heime –  og riksråd knytt til formyndarstyret til kong Eirik Magnusson (1268-1299). Lagmannsstova vert rekna som Noregs eldste rettsal, av di Bleiediplomet – eit av våre eldste mellomalderbrev og den eldste fullstendige skildringa av ei rettsavgjerdsle me har – vart signert her 26. mai 1293. Du kan sjå ein pergamentkopi av dette dokumentet i ei utstilling i eine kjellaren.

Etter at Sigurd døydde vart garden delt mellom døtrene hans, og tunet i Øvste- og Nedstatun. Lagmannsstova har vore bustadshus i mange hundre år. I periodar budde fleire huslydar i stova. Frå 1896 vert Lagmannsstova nytta som forsamlingslokale, mellom anna av Aga Ungdomslag, og som vevstove vinterstid. I 1926 vart grendahuset Sagatun bygd, og ein trong ikkje lenger storstova til slikt. På denne tida var det husamangel på Aga, og Sigurd Haldorson, barneborn til dei siste som hadde vore busett i Lagmannstova, fekk difor nytta den gamle storstova. Då vart kjøkenet laga til, og Sigurd (1895-1982) og kona Åsta (1905-1998) flytta inn. Dei fekk to av borna sine medan dei budde her. Sigurd reiste tidlegare på langfart som styrmann, men fekk skøyte på ein del av farsgarden i 1940. Dei flytta til nybygd hus i Vikane, nord om tunet, i 1942. Sigurd vart oppnemnd av departementet som styremedlem i Stiftelsen Agatunet, og sat i heradsstyret 1952-55.

I nordre kjellar står ei utstilling om Bleiediplomet, som òg syner Sigurd Brynjulvsson sitt endelikt. Hausten 1303 vart han funnen hovudlaus i Samlafjorden, ved Hesthamar utanfor Utne. Me veit ikkje kva skjebne han leid. Steinkrossen som vart reist der han vart funnen står enno. I kjellaren ser du eit fotografi av den. Her ser du òg kopi av den store marmorgravsteinen til Sigurd. Han vart gravlagd i kapellet ved cistenciensermunkane sitt kloster i Opedal. Steinen står i dag i Ullensvang kyrkje på Lofthus.

 
 
24. Haldorsstova

Bakstekjellaren er tilgjengeleg for publikum. Stova vert nytta som feriebustad.

Tilhøyrde bruk 6. Stova er den yngste i tunet. Ho vart reist i 1896, etter at dei fyrst reiv ei bygning som hadde stått på staden siden 1200-talet. Rivinga skal ha skapt ein del misnøye. Mellomalderbygningen vart kalla ei mosstove, ei nemning som i Hardanger er nytta på ei røykstove som gjekk over i funksjon til å bli eit eldhus.

Huset er ei tohøgda, tømra stove i sveitserstil reist på gråsteinsmur. På taket ligg ruteheller. Stove, kammers og kjøken i første høgda, soverom og kammers i andre høgda. Kjellaren er eit eldhus med baksteomn og brønn, med heller på golvet. Huset vart oppattmåla i 2016.

Huset vart reist av Torgils Larsson (1808-1896), som budde i Lagmannsstova og dreiv bruk 6 frå 1838. Han bygsla bort ein tredjepart av bruket til broren Ola (1811-1881) i 1847. Ola reiste eit hus ved Mekjellsbekken, sør om tunet kring 1850. Torgils overlet garden til sonen, og ville nytta Haldorsstova som kårhus, men døydde kort tid etter huset sto ferdig. 

Son til Torgils, Lars (1840-1926) forblei barnlaus. I 1893 overtok syskenbornet, som òg heitte Lars (1846-1911), båe delane av bruket. Lars fekk heller ikkje born. Syskenbornet hans Haldor Helleland (1856-1949) frå bruk 5 tok så garden på odel i 1916, og flytta inn i Haldorsstova med kona Pernilla (1861-1948). Dei budde resten av si tid i huset, og stova har namn etter han. Dottera Anna budde heime og stelte for foreldra. Ho vart buande til 70-talet, og er såleis av dei siste frå som bur tunet.

Borna til bror hennar, Nils, som budde i Bergen, fekk burett i stova etter tanta si. Dei to andre brørne hennar, Johannes (1887-1975) og Sigurd (1896-1982) vart båe bønder på Aga. Sigurd, som er omtala under (23) fekk utskilt Vikane nord om tunet, i 1940. Johannes overtok den tidlegare frådelte parten ved Mekjellsbekken sør om tunet. Det var Johannes som åtte Lagmannsstova når ho vart oreigna.

 
 
25. Haldorsbua

Tilgjengeleg for publikum. Vert nytta til utstilling og handverksdemonstrasjonar.

Stabbur i to høgder, ståande på steinstabbar. Fyrste høgda har tømra bu og gang i stavar med trapp til bualem. Kledd med sua, umåla bord. Taket er tekt med heller. Høgt i vestgavlen har det vore eit blyinnfatta vindauge med farga glas. Det vart teke ut ein gong kring 1920-talet, og erstatta med ei luke, som forsvann når kledninga vart skifta på 70-talet.

Eit stabbur kviler på tjukke trestolpar eller stabbesteinar. Det vart løfta frå bakken for å vernast mot dyr. Ein lagra både mat og verdifulle eignelutar her. På det øvste trappesteget ligg stabburshella. Mellom denne hella og dørstokken er det eit mellomrom slik at ikkje rotter og mus kan kome inn i bua.

Det vanlege var at kvar kone hadde sitt stabbur i tunet. Det var teikn på velstand dersom ein hadde mykje og fleire år gamal mat på stabburet. Flatbrød og krotakaker låg i store lad, medan kjøt, fleskeskinker og pylse hang på veler under beten. På stabburet stod også kornbøra og mjølketønner. Ulike kjerald vart sette inn på stabburet når dei ikkje var i bruk. 

I stabburet står no gamle mjølkasser, tønner, trau, korger, kiper og anna beretøy og oppbevaringsgeråd til framsyning. I gangen står ein bandakrakk, ein reiskap til å laga tønneband.

 
 
26. Vetlahus

Agatunet sitt publikumstoalett. 

Opphavleg eit vetlehus med to seter. Liten stolpeverksbygning på grunnmur av gråstein. Saltak tekt med firkantheller. Ombygd i 1980. Innreidd med vindfang og to toalettrom med moderne toalettinnreiing.

 
 
27. Asbjørnsløa (med flor)

Tilgjengeleg for publikum, unnateke ved arrangement. Vert nytta som utstillings- og serveringslokale.

Tilhøyrde bruk 7. Grindbygd løe ståande på kjellar. Låvebru påbygd på sørenden. Helletaket vart vølt i 2009. Stavleie mot vest i nord-delen av løa var knekt og vart skifta. Kledning mot nord vart skifta i 2012.

I løa kan du sjå døme på gamal arbeidsreiskap frå gardane her og sjå og lesa om fruktdyrkingshistoria.

 
 
28. Asbjørnsstabburet 

Sjå under privat eige – frå side 17.

 
 
29. Isaksstova

Ikkje tilgjengeleg for publikum. 

Tilhøyrde bruk 8. Lafta stove og kove med lem over kove. Stova er ope opp til mønet med to betar. Kova er bygd i ein sleppverksteknikk, og skal etter skriftlege og munnlege kjelder vera bygd av materialar frå det tidlegare stavkapellet som vart rive i 1811. Huset står på gråsteinsmura kjellar der nokre bjelkar har sprett-teljing og er gjenbruk. Det er òg spor av sprett-teljing på ein laftestokk i stova. Stova er panelt utvendig og har lem til å trekke opp for vindauga. Skiferheller på taket.

Dette bruket var skilt ut frå bruk 7. Birge Olson (1715-1800) frå bruk 1 gifta seg i 1742 med Anna Asbjørnsdotter frå bruk 7, og dei fekk skøyte i 1759. Husutskifting vart fyrst halde i 1798. Dei bur før dette i Lagmannsstova, men det er uklårt om dei vert buande der. Bruket eig iallfall søndre kjellar i Lagmannsstova til inn på 1800-talet, men overlet parten sin der til Ådnesfolket (bruk 4). I 1855 vert husa på bruket branntrygda, og ein lista då opp stove med kove, stabbur og løe. Løa, med flor, sto saman med eit damhus rett sør for Asbjørnsløa (27), men vart riven i samband med utflyttinga.

Mange frå dette bruket utvandra til Amerika. Nær heile syskjenflokkar fann vegen over havet. 

Siste brukar i tunet var Isak Birgesson (1894-1980). Han og kona Synneva Måge (1894-1990) vart gift i 1916. Dei budde i Ålesund og handla med frukt, men fekk skøyte i 1933 og flytta attende til Aga. Dei budde då ein periode med 5 born i ei lita stova ved sjøen (kalt Jo-ved-sjøen-stovo) som no er borte, men bytte etterkvart hus med far til Isak og flytta inn i denne stova. Etter utskiftinga flytta dei til Fjøringen, ein kilometer nord om tunet. Dei fekk opp ny løe i 1941 og våningshus i 1942.

Stova var i bruk fram til midten av 80-talet av Anne Mari Bugge (1915-1985), gift med Olav L. Apold (1905-1983), sjømann, som har slekt på Ådnesbruket i tunet. Dei budde i Odda, og leigde stova av Stiftelsen Agatunet frå siste halvdel av 40-talet, og nytta huset flittig. Anne Mari gjekk under namnet «Titten», og mange på Aga kaller i dag stova for «Tittenhuset.»

Stova er no innreidd som vevstove, som Vikebygd og Aga bygdekvinnelag nytta i mange år. Det vert arbeidd med å setja i gong vevopplæring her og ta ho i bruk att.

 
 
30. Isaksbua – stabbur

Bua vert nytta som feriebustad og er ikkje tilgjengeleg for publikum.

Tilhøyrde bruk 8. Stabbur med lem ståande på høge stabbar i skrånande terreng, med ein bekk rennande under huset. I front ein gråsteinsmur mellom stabbane. På taket er ei blanding av heller og never og torv. På eine sida går torva heilt ned på raftet. 

Under stabburet går bekken i ein kistemur og fortset under ein tørrmur i front. Både tørrmur, fundament og veite vart vølt i 2013. To stabbar vart òg skifta. I 2014 vart taket vølt. Rastahellene mot nord vart demontert og roten material utskifta, og heller lagt på plass att. Mot sør vart torv og knotteplast skifta ut med never og torv. Roten kledning vart skifta og smurt inn med tjære lik dei opphavlege borda.

 
_____________________
 

HUS I PRIVAT EIGE SOM ER OPPFØRDE PÅ KARTET OG SYNLEGE I OG FRÅ TUNET.


 NB! Ingen av desse husa er tilgjengelege for publikum.

 
 

57. Asbjørnsstova

Huset er busett gjennom heile året.

Tilhøyrer bruk 7. Dette huset ligg i utkanten av tunet og vart ikkje oreigna når Agatunet vart freda i 1938. Det vart reist i 1844. Det har vore reist som røykstove og glasbu, moglegvis åtskilte. Huset vart på- og ombygd i 1882. Då vart truleg glasbua utvida i høgda, og kan hende har samanbygging skjedd fyrst då. Det er ei blanding av ståande og liggjande panel på huset med preg av enkel 1800-tals klassisisme. Hella som utgjer trammen har store dimensjonar. Hellegongen på framsida av huset er nyleg henta fram i si heilheit.

Ein del av huset er ei gamal røykstove, med store, rombeforma heller på taket. Dette taket vart restaurert i 2021. I taket fann ein mellomaldermaterialar, treverk med symbol og inskripsjonar, kan hende ei tidlegare bete. Arbeidet med å identifisera materiala har byrja. Den andre delen av huset har ruteheller som ligg rett på takverket. 

I røykstova står ein stor etasjeomn som er heilt lik den i røykstova i Lensmannsstova.

Ved det søraustlege hjørnet var det eit eige eldhus som delvis var bygd oppå skarvet. Dette vart rive kort etter krigen. Eit vetlehus låg inntil eldhuset mot vest.

På baksida av huset sto ei skykkje der dei hadde snikkarverksted. Skykkja tok fyr ein gong. Son på bruket, Asbjørns-Lars og naboen Lars Arneson frå Ådnesbruket falt båe ned frå taket i slukkinga. Asbjørns-Lars skal ha falt på ein slipestein og slått seg halvt forderva. Ei tid etter brannen, truleg ut på 30-talet, kom eit nytt påbygg på baksida, med innbygd utedo.

Den skotske handelsmannen Anders Mowatt (1530-1610) som åtte mykje land, særleg i Sunnhordaland, var eigar av dette bruket kring 1600. Barnebarnet hans, Karen Mowatt, selde det til ein Engel Gjøn frå Hålandsdalen i 1664. Han selde snart vidare til agingar. Karen Mowatt (1630-1675) og ektemannen Ludvig Rosenkrantz (1628-1685) bygde Baroniet Rosendal i 1665.

Den fyrste frukthandlaren i Noreg som me har dokumentasjon på, kjem frå dette bruket. Lars Åmundsson Aga (1630 – ca 1685) låg i Bergen med kirsebær i 1665, når slaget mellom engelskmennene og hollendarane sto i Vågen. Han var òg fleire gongar lagrettemann. I 1759 vart bruket delt (7 og 8).

Ved utskiftinga var det Lars Asbjørnson (1871-1953) som åtte garden. Han vart sitjande i gamlehuset, men løe og stabbur vart oreigna. Han sette opp ny løe like sør før Isaksstabburet i 1944. Asbjørnsstova var hovudhus på bruk 7 fram til 1984, og kårhus fram til 1987. Det har sidan vore leigehus.

 

28. Stabbur til Asbjørnshuset

Bua er i bruk.

Tilhøyrer bruk 7. Stabbur ståande på høge steinstabbar, med eit lafta rom og gang i første høgda. Ei innvendig trapp fører til lem med eit rom over bua. Stabburet er kledd utvendig med sua panel. Døra i fiskebeinsmønster er nyare, tidlegare har her vore ei labankdør. På taket ligg ruteheller. Stabburet vart oreigna i samband med fredinga, men Stiftinga Agatunet selde det attende til bruk 7 på 70-talet. Stabburet vart sprinkla i 2016.

 
 

59. Hønsahus til Asbjørnsstovo

Skal restaurerast, ikkje i bruk.
Tilhøyrer bruk 7. Truleg oppsett etter 1844. Liten bygning med supanel og saltak med firkantheller. Var i bruk som hønsehus til 80-talet. Skal restaurerast.

 
 

82. Turkestove

I bruk som røykjehus.
Tilhøyrer bruk 7. Liten lafta, dels panelt bygning på gråsteinsfundament, med støypekant i sement. Open sval i eine gavlen, framfor døra. Taket er tekt med bylgjeblekkplater. Det skal ha stått eit gamalt røykjehus på denne tufta som brann opp ei jolahelg tidleg på 1920-talet. Me veit at ein heil del kjøtmat gjekk tapt i den brannen – minst 3 grisar. Det var mat til fleire bruk. Gamle-Johan frå Johansbruket var med å skjøtte røykinga, og når kjøtet nærma seg ferdig meldte han frå til dei andre at «no legg eg i for siste gong». Ikkje visste dei då kor rett han fekk. Røykjehuset brann til grunnen. 

Det nye turkehuset kan ha vore delvis gjenbruk av eit eldre kvernhus på bruket, som sto oppe i lia ved Låtrabekken, sør om tunet. Det nye turkehuset har truleg kome opp tidleg på 50-talet.

 

62. Nyebygningen (Fedratun)

Huset nyttast som feriebustad.

Nyebygningen vart reist i 1851 som andre bustadshus på bruk 5. Panelt, kvitmåla våningshus tekt med ruteheller, på kvitkalka murar. Det er ljore i stova i sør. Huset står på to gråsteinsmura kjellarar med hellelagte golv. Taket vart restaurert i 2018. Truleg er bygningen sett opp for å huse brørne Lars (1811-92) og Knut (1823-96), som kring 1850 miste både jakta si og handelspengane sine. Broren Johannes (1809-77) som fekk skøyte på garden i 1845, var medinteressent i fartybruket til brørne. Lars og Knut var begge ugifte og levde iallfall frå 1875 som rentenistar. Huset vart ikkje oreigna når tunet vart freda, men vart freda seinare.

Huset var heilårsbustad fram til midten av 90-talet. Syster til Malla, som er omtala under (16), Birgit Aga (1882-1967) flytta hit frå Ringøy kring 1938. Mannen Per Gunnarson Meland døydde i 1929. Dei var barnlause, og Birgit selde garden der og dro heim. Birgit var ei dyktig veverske, og den siste av konene på Aga som gjekk kledd i den gamle drakta, med opplut, skjorte og stakk, og skaut. Ho var gudfryktig og nøysam. Systerson hennar Lars (1912-1996), som hadde vore frukthandlar i Haugesund, flytte inn på slutten av 60-talet. Han var ein meir frilynt type enn moster si, og likte å fortelja historier frå «sør for Suez, der dei ti bod ikkje gjeld.» Han dreiv kiosk i bua, og fekk skjøyte på huset etter at Birgit døydde. Huset er i dag mykje i bruk som feriebustad, og eigast av brordotter til Lars.

 
 

63. Bu til Nyebygningen

Bua er i bruk.

Tilhøyrde bruk 5. Bua vart reist i lag med Nyebygningen, som stabbur. Ei tid på 70-talet hadde den tidlegare frukthandlaren. 

Lars Aga, kalla «Malla-Lars» (nemnt under 62) ein kiosk i bua. Borna som vaks opp på Aga på den tida minst god tilgong på både brus og drops i lausvekt. Inn på 80-talet vart det skipa til kafé i Agatunet, då hadde Malla-Lars gjeve opp kiosken.

I dag er det reiskapsbu her.

 
 

65. Skulestova.

Huset er busett gjennom heile året.

Tilhøyrer bruk 6. Bygning med saltak tekt med rastaheller, og supanel på høg gråsteinskjellar; enkelt 1800-tals preg.

Skulestova vart reist i 1860-åra, og oppsett midt i bytet mellom bruk 6 og 7. Det var skule her fram til 1956. Huset vart då bygd på, og har sidan vore nytta som kårhus og etterkvart leigehus på bruk 6. Våningshuset like attmed Skulestova vart reist kring 1850. Det vart rive i 1971, og nytt våningshus oppsett på same tuftene i 1972 av Gudrun (1929-2002) og Leidulv Aga (1928-2015). Dei vart seinare det siste kårfolket i Skulestova. Dei har båe vore særs viktige kjelder til livet i tunet.

Når Gudrun budde i det gamle hovudhuset attmed skulehuset brukte skuleborna å springa gjennom huset hennar når dei hadde friminutt. På vegen tok dei seg ei sup vatn frå ausa i vassbøtta hennar, og laga masse liv.

 
 

52. Haugestova

Huset er busett gjennom heile året.

Tilhøyrer bruk 6. Tidlegare husmannsplass. Huset er ei supanelt, umåla stovebygning på høg gråsteinsmura kjellar, med preg av midten av 1800-talet. Huset har rutehelletekt saltak, med tilbygg til vest med ståande panel, og tilbygd skut. Stova er no leigehus, og har vore nytta til turistar, men er no busett gjennom heile året. Ho vart vølt kring 2008.

 
 
_____________________
 

VED SJØEN:

Ved sjøen ligg fleire ulike sjøhus og bruksbygningar. Naustrekkja ved Storavorre består av nausta til Nyebygningen, Johans, Ellings og Ådnes. Nausta til Jakobs og Asbjørns ligg for seg sjølve. Ådnes har òg ei sjøbu og eit eldre naust kjøpt frå Isaksfolket. Jofolket har ei sjøbu, medan Fjøringen og Vikane ikkje har naust her i dag. Ellingsbruket, som det ikkje er spor att av i sjølve tunet, har ei større sjøbu litt sør om Storavorre, som er innreidd til utleige. Ho vart reist etter ei større skrea gjorde stor skade på bygningane der midt på 90-talet. Ådnesnaustet og -sjøbua har òg vorte innreid til utleige. Bak Isaksnaustet, som i dag er eigd av Ådnesbruket, står eit vetlehus som på folkemunne kallast Dronningdritaren etter at Wilhelmina av Nederland (1880-1962) måtte ein tur innom her under ei vitjing på Aga. 

Ved Aganeset, der tunet har parkeringa si, ligg Skjervika, den gamle hamna. Der har folket i tunet hatt jaktene sine. På det meste var det 6 jakter her. I dag er her offentleg badeplass. Det er laga ein skilta kulturhistorisk natursti over neset, der du mellom anna finn gravrøyser frå vikingtida.

_____________________
 

Vil du veta meir, og sjå den staselege Lagmannsstova? Me gjev omvisingar i tunet –  ta kontakt i kaféen.