– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Draktutstillinga Gåva frå mor

 

Gåva frå mor

– bunad i fem generasjonar

NB!

Utstillinga er teke ned og vil ikkje synast i 2022. Tekstilane hadde trong for kvile og stell. Ei tekstilfagleg vurdering av gjenstander og framsyningstilhøva skal gjerast, og me håpar at me snart igjen kan syna element frå denne rike gåva.

Det er ei stor glede for Agatunet å eiga alle gjestandane og plagga som har utgjort bunadutstillinga Gåva frå mor. Alle dei vel 200 kleda og tinga i utstillinga Gåva frå mor kjem frå same familie, og vart gitt til Agatunet av Mildrid Fagertveit i 2006.

 Bakgrunn:
Oldemor til Mildrid, Ingebjørg Johannesdotter Aga vaks opp i Agatunet. Ho var fødd i 1830 og var yngst av ni sysken. Ingebjørg vaks opp i ei tid då mange av distrikta i Noreg framleis hadde si lokale draktskikk. Klesskikken omfatta alle kleda ein brukte, frå kvardag til høgtid, frå vogge til grav. Slike lokale draktskikkar kallar ein no for folkedrakter.
Seinare vart desse draktene tatt i bruk som bunad. Gåva frå mor gjer eit unikt innblikk i kva plagg som har vore nytta som folkedrakt og seinare som bunad gjennom dei siste 150 åra.