Riddarklubben

Lat borna leike i riddarklubben i Agatunet!

Den søndre kjellaren i Lagmannsstova, huset der det ein gong budde ein ekte riddar, har vorte aktivitetsrom. Her kan ein for eksempel teste riddarhesten, prøve ut ein ekte kongestol, studera skatten som er gjøymt i golvet, kle seg ut, byggje borg, teikne, formgje sitt eige våpenskjold, lese, utforske rommet og leke.

Aktivitetsrommet er ope for alle born frå ca. 4 år. Enkeltbillett gjev adgang til rommet og aktivitetane, med sesongkort har du ubegrensa tilgong og får riddarbevis.

Ein riddar var ryttar og krigar. Men det var viktig at ein riddar stod fram som eit godt eksempel på høvisk åtferd og å vere respektfull overfor andre, og tok vare på dei som var svakare – ideal som passar like godt i dag som i mellomalderen.

Med riddarrommet vil me ta vare på og utvikla born si interesse for historie på  lystbetont og leikande vis. I sentrum står den heilt spesielle historia knytt til Sigurd Brynjulvsson, riddaren og lagmannen som budde i den gamle storstova på Aga. Me arbeidar med å utvikla det barneretta formidlingskonseptet kring lagmannen og riddarrommet, så fylg med her på nettsida og i tunet!

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne


Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X