Lagmannsstova

Storstova i Agatunet
NB! Det skal utførast arbeid på golvet i Lagmannsstova, frå sommaren 2026 og frametter. Det vil derfor vere avgrensa høve til å oppleva bygningen frå innsida.
Den eldste bygningen i Agatunet er Lagmannsstova, som vart reist kring 1220 – truleg av slekta til riddaren, riksråden og Gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvsson.
Lagmannsstova er den einaste attståande delen av eit større bygningskompleks som vart nytta til representasjon, som bustad og som rettslokale. Anlegget hadde og eige stavbygd kapell. Resten av bygningsmassen vart riven i 1811.
I dag er Lagmannsstova det einaste huset av sitt slag i Noreg, og eit av dei best ivaretekne sekulære mellomalderbygg me har i landet.
Stova er landets eldste kjende rettslokale. I 1293 var den eldste fullstendige skildringa av ei domsavgjerd me har i norske arkiv, mellomalderbrevet kjend som Bleiediplomet, gjeve og signert her.
Lagmannsstova har imponerande tømmer og andre vakre bygningsdetaljer, bord frå mellomalderen, uvanlege steinkjellarar og 800 år med historie. Me har nyleg restaurert og kalka kjellarmurane på Lagmannsstova, med brent kalk frå eigen omn. Steinen har me henta lokalt, frå det som truleg og var kjelda den gong bygget var nytt. Kalkomnen, som vart bygga under veiledning frå Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider, kan og du sjå i tunet, den ligg bak i sørøstlege hjørnet.
Me anbefalar at du vert med på ei omvising for å oppleva Lagmannsstova – dette eineståande bygget, og får høyra om den spanande historia!

