– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Krotakakebaking

Stolt tradisjon

Fredagar i sommarferien fyrar Vikebygd og Aga Bygdekvinnelag opp i omnen i bakstekjellaren. Den gode duften av nysteikte krotakaker sprer seg i tunet, medan bakstekonene kjevlar, krotar og steiker.

I 2023 bakar me fredagar frå 22. juni til 18. august!

Dei er dyktige med kjevla, bakstekonene frå bygdekvinnelaget. Kvar fredag formiddag inntek dei bakstekjellaren med store mengdar deig. Ein kjevlar, ein lagar høvelege emne, og ein fyrar i baksteomnen og steiker kakene.

Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær, og dei rutast med eit særskilt kjevle Nytast turre med smør, eller bløytte med smør og prim. Prøv dei og til saltmat, både fylgje til middagsmat, eller med pålegg. Krotakaker med egg og flesk kan lyfta einkvar helgefrukost!

Du kan handla krotakaker direkte frå bakstekonene i kjellaren, og i butikken (med forbehald – det vert snart utseld!). Me serverar jamnleg krotakaker i kafeen.

 

I sesongen bakar me og pizza i bakstekjellaren vår i blant! Nokre fredagar overtek me omnen etter krotakonene, og tilbyr deilig pizza med tynn, sprø bunn og ulikt fyll. Du kan eta hjå oss, eller ta med deg heim! Følg med i programmet for å sjå kva tid det er pizzabaking, og les meir her.