– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sidersmaking

Smaken av edle dråpar

Hardanger er kjend som eit viktig siderområde, og sider har vore produsert her på nær sagt kvar ein gard i lange, lange tider. Det siste tiåret har tilveksten av profesjonelle produsenter vore stor, og utvalet av sidrar frå Hardanger er imponerande!

 

Siderproduksjonen er i sterk utvikling og vekst, leia av ambiøse produsentar som når breitt ut, og stadig premierast – både nasjonalt og internasjonalt –  for sine kvalitetsprodukt. Verda har verkeleg fått auga opp for dei heilt særlege kvalitetane ved dei foredla eplene frå Hardanger! Området me ligg i her på vestsida av Sørfjorden vert gjerne omtala som episenteret i det moderne sidereventyret.

 

Hardangerepla utviklar seg langsamt gjennom lyse somrar, i fruktbare bakkar mellom milde fjordar og kalde fjell. Eit kompleks av unike tilhøve ved jordsmonn, klima og beliggenheit gjev epla her heilt eigne smakseigenskaper, med stor aroma og ein framifrå balanse mellom sødme og syre. I 2009 fekk Sider frå Hardanger Beskytta geografisk nemning.

 

Ynskjer du sidersmaking?

Dette tingast særskilt –  ta kontakt, så finn me ei løysing for deg og gruppa di!