Asbjørnsløa

Fest på løo?
I sommarhalvåret kan det dekkast til middag her. Kan og høve som danselokale etter middag i eit anna lokale. Kan riggast til med bar og lydanlegg, fint til enkel servering av kaffi og kaker etter middagen.
Me kan og montera prosjektor og lerret her, samt lydanlegg – så lokalet kan og leigast til fremsyningar og musikk.
Kapasitet:
Drygt 50 personar, ca 100 om ein ikkje nyttar bord.
NB! Tilgongen på Asbjørnsløa vil variera etter kva utstilling som står her. Lokalet er ikkje oppvarma og noko trekkfullt, så bruken er sesongavhenging.