– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

.

Kulturskuleutstillinga 2023

Elevutstilling i Johanskjellaren i Agatunet!

Nok ein gong er me klare for utstilling laga av kulturskulen!

Kunstfagelevane i Ullensvang kulturskule viser i år eit utval arbeid som er laga gjennom skuleåret 2022-23.

Dei stiller ut teikningar i tusj og blyant, små akvarellar, maleri i akryl og skulpturar.  Skulpturane er laga av restmateriale som avispapir og tomme yoghurtbeger som er kombinert med tape, gipsband og deretter måla med akryl. I tillegg viser ein også nokre skulpturskisser i lufttørka leire. Nokre av teikningane er frå ekskursjon til Ingebrigt Vik-museet i Øystese.

Kunstfag i Ullensvang kulturskule har undervisning i Odda, Hauso og Jondal. Dette skuleåret har det delteke 30 elevar i alderen 9 til 48 år.

Utstillinga står frå 11.6.23 –  27.8.23