– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Nøringen

Me satsar på borna!

Agatunet er vertstad for bornesatsinga Nøringen i Ullensvang vest. Nøringen er eit unikt kulturskuletilbod for born født 2012-2014, og gjennomførast i alle Hardangerkommunane og på Voss.
 
Tema er kulturarv med tradisjonsmusikk og tradisjonsdans som raud tråd. Borna får læra nokre lokale songar, læra å dansa litt, møta ulike spanande folkemusikkinstrument og oppleva kulturarven i sin kommune. Det er plass til 12 born i ei undervisningsgruppe, og det er to-tre lærarar per gruppe. Mange frivillige aktører bidreg og til formidlinga.
 
For Ullensvang vest er lærarene Johanna Mjeldheim, folkemusikkarkivar ved Hardanger folkemuseum, Guttorm Rogdaberg, tidlegare dagleg leiar i Agatunet og statsstipendiat, og formidlingsleiar ved Hardanger folkemuseum og Agatunet, Line B. Iversen.
 
Nøringen er eit samarbeid mellom kulturskulane i Hardanger og på Voss, Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag, Kvemmingen spel – og dansarlag, Hardanger og Voss Museum, Ole Bull Akademiet og hardingfela.no, og koordinert av Rannveig Djønne.
 
Nøringen er støtta av:
Norsk Kulturråd
FolkOrg
Rådet for folkemusikk og folkedans
Hardanger Kulturråd
Hardangerkommunane og Voss kommune