Nøringen

Me satsar på borna!

Agatunet er vertstad for bornesatsinga Nøringen i Ullensvang vest. Nøringen er eit unikt kulturskuletilbod for born født 2012-2014, og gjennomførast i alle Hardangerkommunane og på Voss. Tema er kulturarv med tradisjonsmusikk og tradisjonsdans som raud tråd. Borna får læra nokre lokale songar, læra å dansa litt, møta ulike spanande folkemusikkinstrument og oppleva kulturarven i sin kommune. Det er plass til 12 born i ei undervisningsgruppe, og det er to-tre lærarar per gruppe. Mange frivillige aktører bidreg og til formidlinga.

For Ullensvang vest er lærarene Johanna Mjeldheim, folkemusikkarkivar ved Hardanger folkemuseum, Guttorm Rogdaberg, tidlegare dagleg leiar i Agatunet og statsstipendiat, og formidlingsleiar ved Hardanger folkemuseum og Agatunet, Line B. Iversen.

Nøringen er eit samarbeid mellom kulturskulane i Hardanger og på Voss, Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag, Kvemmingen spel – og dansarlag, Hardanger og Voss Museum, Ole Bull Akademiet og hardingfela.no, og koordinert av Rannveig Djønne.

Nøringen er støtta av:
Norsk Kulturråd
FolkOrg
Rådet for folkemusikk og folkedans
Hardanger Kulturråd
Hardangerkommunane og Voss kommune

Opningstider

  • 8. mai-20. juni: Laur-sundag kl 11-16
  • 22. juni-15. august: Tys-sundag kl 11-16
  • 21.-29. august: Laur-sundag kl 11-16

Heile året: Ope for grupper etter avtale

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå

Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Opening hours

  • May 8-June 20: Sat+Sunday 11 AM-4 PM
  • June 22-August 15: Tues-Sunday 11 AM-4 PM August 21-29: Sat+Sunday 11 AM-4 PM

Open for groups and other visitors by appointment throughout the year

Contact

Visiting address: 5776 Nå
Postal address: Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 902
E-mail: agatunet@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X