– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Svein Nå

Svein Nå foran eit av arbeida sine

Ei vove verd

 

Svein Nå (1944) er busett på Nå i Hardanger, og sjølvlært som kunstnar. Han arbeider hovudsakeleg med biletvev, men og med skulptur i ulike materialer som stein, metall og tekstil. Han har stilt ut sidan 1977, og har bak seg både kollektiv- og seperatutstillingar, mellom anna i Seattle og New York, Seoul, Bergen, Stavanger og Oslo. Han har delteke på Vestlandsutstillinga fleire gonger og er innkjøpt til mellom anna Rogaland Kunstmuseum. Han har og i ei årrekkje hatt styreverv eller andre aktive roller innan kunst- og kulturfeltet.

Svein Nå er ein kunstnar som arbeider i aktiv dialog med tradisjonen, og finn mykje inspirasjon i folkekunsten. Oppstadveven og naturleg farga saueull er reiskap og materiale med ei lang historie, som Svein Nå nyttar i arbeida sine. Han fylgjer ikkje ei ferdig kartong i veven, men arbeider ut frå ein idé som utviklar seg etterkvart, i eit klårt og stilisert formspråk.  Han omtaler sjøl prosessen som at han forsøkar å spela på lag med tekstilen sitt eige uttrykk og innordna seg teknikken og handverket som ligg i materialet han arbeider med.

I teppet «Side 14 og 15» som har stillar ut i Agatunet finn me ein rik symbolbruk – mellom anna hus, veger, tre og krossar. Teppet dominerast av ei vove, dekonstruert type skrift som er attkjenneleg som tekst, men som ikkje er lesbare bokstavar. Ein får ei kjensle av at denne tekstframstillinga freistar å syna korleis me ber i oss både arv og fridom, at den speglar livet – den er samstundes ei historie du sjøl skal gje innhald og ei kode du skal løysa. Alle symbola og teikna kring det både opne og lukka tekstlege elementet har ein mindre stringent plassering, og leiar gjerne tanken mot tilhøyrsle og vandring, røter og lengt, fruktbarheit og daud. Det lite skjematiske i kombinasjon med det stiliserte vekkjer ei kjensle av noko som vekslar, ei gjentaking av noko som liknar utan å vera likt, ei endelaus rørsle, der kvart spor skriv seg inn i heilskapen med eit eige avtrykk.