– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sidersmaking

Smaken av edle dråpar

Hardanger er kjend som eit viktig siderområde, og sider har historisk vore produsert her på nær sagt kvar ein gard i lange, lange tider.

I dag er siderproduksjonen i rivande utvikling, med unge og ambiøse siderprodusentar som ynskjer å nå ut til heile verda med sine kvalitetsprodukt. Og verda er i ferd med å verkeleg få augene opp for dei heilt særlege kvalitetane ved dei foredla eplene frå Hardanger! Området me ligg i her på vestsida av Sørfjorden omtalast som episenteret i det moderne sidereventyret!

 

Hardangerepla utviklar seg langsamt gjennom lyse somrar, i fruktbare bakkar mellom milde fjordar og kalde fjell. Eit kompleks av unike tilhøve ved jordsmonn, klima og beliggenheit gjev epla her heilt eigne smakseigenskaper, og produksjonsmetodane har vorte revolusjonerte dei seinare åra. I 2009 fekk Sider frå Hardanger Beskytta geografisk nemning. 

Ynskjer du sidersmaking?

Dette tingast særskilt –  ta kontakt, så finn me ei løysing for deg og gruppa di!