SPOR av Ruth Lillegraven og duoen Djønne&Børsheim
fre22aug18:3021:00SPOR av Ruth Lillegraven og duoen Djønne&BørsheimKONSERT I LAGMANNSSTOVA
Om arrangementet
SPOR Ein litterær konsert med Ruth Lillegraven og duoen Djønne&Børsheim I Agatunet held trioen konsert 22.august kl. 19:00. Det vert sal av forfriskningar før konserten, og tunet opnar kl. 18:30 SPOR tek utgangspunkt
Om arrangementet
SPOR
Ein litterær konsert med Ruth Lillegraven og duoen Djønne&Børsheim
I Agatunet held trioen konsert 22.august kl. 19:00. Det vert sal av forfriskningar før konserten, og tunet opnar kl. 18:30
SPOR tek utgangspunkt i Ruth Lillegraven sine dikt og tekstar, til musikk av og med folkemusikarane Annlaug Børsheim på gitar, hardingfeler og vokal og Rannveig Djønne på toradar. Desse tre hardingane følgjer ulike musikalske og litterære spor i denne konserten, og det er liten tvil om kvar dei kjem i frå.
Duoen Djønne&Børsheim har i fleire år samarbeida med Ruth Lillegraven og tonesatt tekstar av henne. Dei laga musikkteateret HUSMANN til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik i 2019. Urframføringa samla 800 menneske, og det var ein kveld dei seint kjem til å gløyme.
I 2023 kom plata «Skyer av Perlemor» som i hovudsak inneheld tekstar av Ruth Lillegraven henta frå bøkene hennar «Urd» og «Sigd», tonesatt av duoen Djønne&Børsheim.
SPOR var ei bestilling til festivalen Langs Linjo på Voss i 2024 og det var fyrste gong dei tre damene stod på scena i lag. I vår framførte dei «Spor» i Ulvik og på Josefines Visescene i Oslo, og no står aust – og vestsida av Ullensvang for tur.
Henta frå platemelding i bladet Folkemusikk: På Skyer av Perlemor får songane skine klårt, Ruth Lillegraven sine ord levert gjennom tonar med ei trygg ro frå duoen. Legg merke til Lillegraven sine tekstar, legg merke til nyansane i spelet og songen til dei to.
Melding frå musikkteateret «Husmann»; Musikken er verkeleg i ein eigen divisjon. Annlaug Børsheim si kraftige, men inderlege røyst kan framkalla tårer hjå sjølv den mest hardhuda bonde. Saman med toradarspelet til Rannveig Djønne vart dette rein magi. -Stine Strand Carlsen, Avisa Hordaland.
Billettsal på førehand og «i døra»:
Vaksen kr. 250 (+ billettavgift ved kjøp på førehand)
Born under 16 år kr. 125 (+ billettavgift ved kjøp på førehand)
Billettsal på nett
Sjå arrangementet på Facebook
Program
fre08augHeile dagenKrotakakebakingOpplev tradisjonsbakst
Om arrangementet
Kvar fredag frå og med 20. juni til og med 15. august bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjeller i Haldorsstova. Du kan sjå tradisjonsbakst i vedfyrt omn og handla
Om arrangementet
Kvar fredag frå og med 20. juni til og med 15. august bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjeller i Haldorsstova.
Du kan sjå tradisjonsbakst i vedfyrt omn og handla nysteikte kaker direkte frå omnen. Kanskje du får ein liten smakebit og?
Dei startar omlag klokka 11 og bakar og sel til klokka 15 eller til det er tomt!
Du kan lesa litt meir om baking her: https://agatunet.no/krotakakebaking/
Tid
8. August 2025 Heile dagen(GMT+00:00)