May Helen Bleie
May Helen Bleie
May Helen Bleie vaks opp på Bleie i Ullensvang, og er no busett i Odda. Ho er ein av bidragsytarane til sesongens kunstutstilling i Agatunet.
Bleie byrja å laga smykke som hobby medan ho var oljearbeidar i
Nordsjøen. Etterkvart har ho utdanna seg til gullsmed, og har sidan 2012
drive firmaet Zilver Neckless, som i mars 2019 opna butikk og verkstad i
Odda. Bleie har mellom anna spesialisert seg på gjenbruk og omstøyping
av gamle sylvgjenstandar, og etterkvart eige design av sylvsmykke.
Mellom anna har ho laga eit smykke inspirert av festningen i gamlebyen
i Fredrikstad. Dette vann pris som Folkets favoritt i Norges
Gullsmedforbunds Designkonkurranse 2016.
Med seg til Agatunet har Bleie mellom anna eit arbeid forma som ei
fransk linje, våpenskjoldet til Sigurd Brynjulvsson – som også er å finna
i kommunevåpenet til Ullensvang herad.
Ho stillar ut sylvarbeid i “Sakaskåret” i andre etasje i Lensmansstova i Agatunet frå 11.05.19-01.09.19.
Les meir på May Helen Bleie si heimeside.