– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Omvising

Bli kjend med Agatunet

– klyngetunet med historiar tett i tett!

Klokka 11, 12 og 15* er det omvising med guide i tunet. Omvisinga er inkludert i billetten. Startpunktet er utanfor kaféen.

Det er høve til å hive seg på undervegs om ein ikkje skulle få med seg oppstarten. Omvisinga varer i kring 30 minutt. Ein får ei innføring i Agatunet si lange historie, og vanlegvis går me saman inn i fleire av bygga. Under pandemien gjør avstandskrava dette umogeleg, så no har me sett ope med grindar fleire hus som vanlegvis er med i omvisinga, men tek berre grupper inn i juvelen vår – den staselege ridderhallen Lagmannsstova fra 1220.

Omvisinga er i utgangspunktet på norsk, men vert gjeve på engelsk når det trengs. Vil ein vandre i tunet på eigehand, finst ein innførande falder ein kan ta med seg på vandringa. Denne finst i kaféen der ein løyser billett.

Det er høve til å tinga eige omvising for grupper, og utenom sesong. Ta kontakt, så finn me ei løysing som høver di gruppe.

 

Velkomne til ei lærerik omvising i det vakre og spanande Agatunet!

*NB. Fredager og laurdager i juli går omvisingane klokka 11, 11:45 og 15.

 

X