– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Konsertar

Musikalske opplevingar

Me arrangerar jamnleg konsertar i Agatunet. Desse finn du i programseksjonen. Konsertane vert stort sett haldne i Lagmannsstova, eit stemningsfullt og akustisk godt rom. Unn deg ei vakker oppleving, og kom på konsert i Agatunet!

NB! Under koronapandemien har me pausa dei fleste arrangement av denne typen.

 

FASTE MINIKONSERTAR JULI 2021

Sesongen 2021 kjem ein ung felespelar, Jonas Laupsa,  til Agatunet og held minikonsertar. Konsertane vert kvar fredag og laurdag i juli måned, klokka 12:15 og 13:00.

Konsertene er inkluderte i billetten, og vil normalt verte haldne i Lagmannsstova, med eit avgrensa antal tilgjengelege plassar. Du kan skriva deg på liste i kaféen når du løyser billett for å reservera plass.

Konsertane varer 20-30 minutt.

Kom og høyr ungdommen formidla tradisjonen!

 

TING EI KONSERT I AGATUNET

NB! Dette tilbodet er inn til vidare underlagt kva moglegheiter koronarestriksjonane gjev.

Me kan og tilretteleggja for flotte musikalske opplevingar i Agatunet. Fleire dyktige folkemusikarar kan tilby konsert eller musikalsk innslag i tunet i samband med vitjing frå større gruppar, middagar og arrangement.
Pris avheng av antall musikarar, varigheit og konsertlokale.

X