Føredrag

Høyr interessante føredag – lær meir!

I Agatunet arrangerar me jamnleg føredrag, både i og utanom sesong. Me inviterar kompetente, engasjerte føredragshaldarar, som deler av sin kunnskap og gjer at me alle går litt klokare heim.

Me arrangerar føredrag i ulike emne, til dømes mellomalderhistorie og bygningsvern. Følg med i programmet, og ver hjarteleg velkommen til berikande stunder i Agatunet!

 

FØREDRAG AV JØRN ØYREHAGEN SUNDE

Agatunet samarbeidar for tida med professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen, Jørn Øyrehagen Sunde. Øyrehagen Sunde er en av våre aller fremste kapasitetar på mellomalder og rettshistorie, og leiar av det store forsknings- og formidlingsprosjektet Det rettshistoriske landslovsprosjektet 2014-2024, som fokuserar på den bemerkelseverdige Landslova kong Magnus Lagabøter gav i 1274. Agatunets eigen Sigurd Brynjulvsson til Aga var lagmann på denne tida, og handheva denne viktige lova her.

Jørn Øyrehagen Sunde kjem til Agatunet fleire gonger i løpet av året, og gjev føredrag om mellomalderemne som har relevans for Agatunet. I sin ungdom arbeida Øyrehagen Sunde nokre sesongar som omvisar i Agatunet, og han har ei sterk interesse og eit bankande hjarte for dette unike kulturminnet. Han er, heilt fortjent, kjend for å vera ein uvanleg inspirert og generøs formidlar. Føredraga hans annonserast i programseksjonen. Gå ikkje glipp av dei!

 

 

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå

Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Opningstider

23. juni-16. august 2020:
Tysdag-sundag kl 11-16

Kaféen er open kl 12-15 same dagar

Elles ope for grupper etter avtale heile året

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact

Visiting address: 5776 Nå
Postal address: Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 902
E-mail: agatunet@hvm.museum.no

Opening hours

June 23–August 16 2020:
Tues-Sunday 11 AM–4 PM
Café: Tues-Sunday 12 AM-3 PM

Open for groups and other visitors by appointment throughout the year

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X