Filmframsyning

Sjå film – lær meir!
I Johansstova vert det synt film. Finn vegen opp trappa og inn i filmrommet, for å læra meir om Agatunet og Hardanger. Filmframsyningane er inkluderte i billettprisen.
På stort lerret vert det kvar dag synt to ulike biletspel, og på fleire iPad’ar med eigen lytting, kan du sjå eit skiftande utval filmar, mellom anna filmar om handverks- og restaureringsprosjekt i Agatunet som me har fått produsert, og filmar produserte av Landslovprosjektet som syner bindingane mellom Sigurd Brynjulvsson og Agatunet og Noregsveldet under Magnus Lagabøte.
- DRAMA I BERG
Biletspelet Drama i berg fortel ei fascinerande historie om korleis Folgefonnhalvøya og landskapet vart til.
Agatunet er ein av innfallsportane til Folgefonna Nasjonalpark. Det 20 minuttar lange biletspelet Drama i berg er laga av Randi Storaas på oppdrag frå Folgefonna Nasjonalparksenter, og vert vist i Johansstova i norsk og engelsk utgåve.
- FJORDENS LIV
Filmen Fjordens liv fortel om landskapet under vatn, og om kva sola, havstraumar og fjellvatn har å sei for livet i fjorden. Du møter artar som kamuflerer seg, artar som samarbeider, og artar som langt nedi mørke fjorden kommuniserer med lys og lyd.
Bli med på ei reise ned i Hardangerfjorden, ned til ei verd me har visst lite om, til ei verd full av liv. Rett under der me sit og fiskar bur underlege, vakre og fargerike skapningar me ikkje før har sett.
Du møter koralldyr og livet på korallreva, og får vita kvifor fjorden blir grøn. Filmen byggjer på foto og filmopptak ned til 450 meters djupn gjort under Havforskingsinstituttet sitt prosjekt Epigraph Hardangerfjorden.
Som innfallsport til Folgefonna nasjonalpark er Agatunet visningsplass for dette spennande biletspelet, som vert vist kvar dag i Agatunet sine opningstider.