Synneva Heradstveit
Lyrisk minimalisme
SYNNEVA HERADSTVEIT er fødd i 1950, og busett i Bergen.
Ho er utdanna frå Vestlandets Kunstakademi (1985-1989), Bergen Kunsthåndverksskole (1969-72 og 1984-85) og Statens Lærerskole, Notodden (1974-75).
Synneva Heradstveit har sidan 1981 hatt ei lang rekkje utstillingar – både separat- og kollektivutstillingar i inn- og utland. I 1989, 1991, 1996 og 2015 deltok ho i Vestlandsutstillinga, og i 2021 i Høstutstillingen. Ho har ved to tidlegare høve, i 2005 og 2008, teke del i gruppeutstillingar i Agatunet.
Synneva Heradstveit har akvarell som hovedteknikk, og jobbar i eit minimalistisk formspråk mellom det kvasse og det flytande. Hun nyttar lag på lag, og farge på farge – gjerne få fargar og mykje vatn, som gjev bilete med lysande transparens og rike nyansar. Uttrykket baserar seg på landskapsobservasjon og naturminne.
Ho arbeider gjerne i serier, og seier sjøl at ho er oppteken av at fargene i seg sjøv kan gje rom for assosiasjonar og individuell tolkning.
Kunstnaren si heimeside finn du her.