– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Astrid Nondal

Harmoni og uro

 

ASTRID NONDAL vart fødd i 1958 i Tyssedal, og er no busett i Oslo.

Ho er utdanna ved Statens kunstakademi (1985-1989), og Oslo Tegne- og Maleskole (1982-1985).

Astrid Nondal har sidan 1988 hatt ei lang rekkje utstillingar, både separat- og kollektivutstillingar. Mellom anna har ho delteke på Høstutstillingen i 1988, 1990, 1996 og 2001, og stilt ut på Henie Onstad Kunstsenter, Kunstnerforbundet og Galleri Haaken. Ho er innkjøpt til mellom andre Nasjonalmuseet, Lillehammer kunstmuseum, Norsk Kulturråd og Universitetet i Oslo og har hatt fleire utsmykkingsoppdrag, mellom anna på Stortinget, i lag med Ebba Bring.

Astrid Nondal jobbar mest på lerret, med olje eller tempura, og har naturen og landskap som dominerande motiv. Ho har lausrive seg frå det naturlyriske, og er ikkje oppteken av det attkjennelege landskapet. Det er ofte ei utprega stofflegheit i bileta, og like gjerne ei dobbelheit i stemninga – det vakre gjev plass til uro. Ho har sjøl uttala at ho er ute etter ei poetisk stemning som søkjer å uttrykkje nærkontakt, kjærleik til, og bekymring for naturen, og at i det tilsynelatande harmoniske og vakre søkjer ho og denne underliggjande uroa – uro over kløfta mellom det menneskeskapte og naturen.

Kunstnaren si heimeside finn du her.