Kafé og butikk



Kaffi, noko godt å bita i og herleg stemning!
I den flotte Ådnesstova, og kalla Lensmannsstova, løyser du billett til Agatunet, får utdelt førar med informasjon om tunet, og finn ulike brosjyrer om andre tilbod i Hardanger.
Her ligg den koselege, vetle kaféen vår.
I dette huset finn du óg museumsbutikken, med eit utval litteratur, lokale produkt, handverksartiklar, leiker, smykke og gåver.
Ta ein smakfull pause i dei stemningsfulle romma i Lensmannsstova, eller ta med deg koppen ut i tunet til eit av dei mange uteborda.
Me har deilige kaker og vafler, smørbrød og enkle varmrettar, sjokolade, is, kalde og varme drikkar og meire til. Me anbefaler å forsøka dei smakfulle produkta laga på lokale eple. Me har skjenkeløyve, og ulike lokale produkt – noko laga eksklusivt for oss, av eple hausta i museumshagane,
Me har og eit lite bibliotek med bøker til låns. Sett deg i godstolen i kroken med ein kaffi, bla i vakre praktbøker, les om klyngetunhistoria, frukthistorie, sider, eller fordyp deg i liva til kjende hardingar – til dømes finn du dagbøkene til den store diktaren frå Ulvik, Olav H. Hauge.
Hovuddelen av kunstutstillingane finn du normalt og i dette bygget.
NB! Me kan servera større måltid til små og større gruppar – desse må tingast på førehand. Ta kontakt for menyforslag og pris.
Det er deilig å slappe av i Agatunet!