– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Iben Amelie Mansfeld

Utfordrar tabu og stengsler

 

Iben Amelie Mansfeld er fødd i 1988 og er oppvaksen i Göteborg.
Ho bur på Skåltveit i Hardanger, og har tidlegare jobba som grafisk
designar i Odda.
No studerar ho siste året på Kunstskolen i Bergen.

Mansfeld utforskar tema som maktstrukturar, kjønnsrollar, kropp og
psykisk helse, gjerne med utgangspunkt i dagsaktuelle saker. Ho er
motivert dels av personleg erfaring, og dels av at det er viktig å lyfta
desse sakene fram, for å bryte ned tabu og stengsler i samfunnet.

Arbeida ho stillar ut i Agatunet er resultat av utforsking av – og
fordjuping i – ulike materiale. Ho eksperimenterer med ull, garn og
hønsenetting, og denne kombinasjonen endar opp i fleire både to- og
tredimensjonale arbeid. Mansfeld utfordrar materiala, undersøkjer kor
langt ho kan strekkja dei, kor sterke fibrane er. Ho likar å utforska
tradisjonelle teknikkar som karding og veving for å uttrykkja ulike tunge
tema ho arbeider med.

Utstillinga står i stabburet «Jakobsbua» i Agatunet frå 02.06.19-01.09.19.