– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Felicitas Aga (1968) er fødd i Sverige, og har vore busett i London sidan 1995. Ho arbeider som biletkunstnar og er utdanna frå mellom anna Städelschule i Frankfurt (Fine Art), Vestlandets Kunstakademi i Bergen og Chelsea Scool Art and Design. Ho har ei lang rekkje internasjonale utstillingar bak seg, og har dei siste åra stilt ut i mellom anna Athen, Hamburg og London.  Felicitas Aga stiller ut ei samling semi-abstrakte måleri som undersøker temaer som tilhøyrsle og stabilitet. Ein serie mindre måleri syner bygningar som har ein slektskap med bygningane i Agatunet – dei er solide, vêrbitne, har gjerne skifertak og små vindauge med ein innbydande glød. Dei inviterer deg til å koma nærare, og står som stødige vaktarar over tryggleik og varme. Inngangen er ikkje openberr, du må leita litt før du finn han. Ein serie større måleri syner hus med ein lysande struktur, dei skin i mørkret og ber bod om varme og ly. Kan hende er vernet mot elementa dei lovar berre ein illusjon: Nærmar du deg vil du sjå at dei framstår skjøre – dei er laust sette saman av blonder, papir eller glas. Med desse bileta minnar kunstnaren oss på vår eksistensielle sårbarheit, vår lengt etter tryggleik og vårt romantiske håp om å koma inn i varmen, inn frå kulda.