Sigurd Brynjulvsson

Sigurd, herren til Aga

– ridder, lagmann og riksråd.

 

Sigurd Brynjulvsson (ca. 1235-1303) var Herren til Aga, den gong Aga var éin gard, ein storgard! Sigurd var godseigar, riddar og lagmann. Bygget me i dag kallar Lagmannsstova, er berre ein del av det som var eit større bustads- og representasjonsanlegg som sto på Aga, bygga etter europeisk modell. Det har vore slekta til Sigurd som har reist anlegget, og dette storslagne bygningkomplekset er eit bevis på at Sigurd kom frå ei bemidla og mektig slekt.

Sigurd tilhøyrde aristokratiet i Noreg, og han var Gulatingslagmann i tida Magnus Lagabøtes Landslov vert gjeve (1274), Norges fyrste felles lovbok, og ei av dei fyrste landsdekkande lovbøker som vert gjeve i Europa i mellomalderen. Denne lovboka gjer Noreg ein framtredande posisjon i europeisk rettshistorie, og har stor viktigheit for statsdanninga og norsk samfunnsutvikling. I denne tida utvidast lagmannsvervet – lagmannen går frå ei rolle som lovkyndig, kongeleg tenestemann utan juridisk makt, til å verte ein dommar. Lagmannen får ei ny juridisk, sosial og politisk posisjon, og Sigurd var slik direkte involvert i handhevinga av den nye lova, og forvaltninga av den framvaksande staten Noreg.

Når Magnus Lagabøtes eldste son, Eirik Magnusson i 1280 vert konge – berre 12 år gamal, setjast inn eit formyndarstyre som skal leie riket medan Eirik veks til. I dette riksrådet sit Sigurd Brynjulvsson til Aga.

Herren til Aga hadde altså tette band til kongemakten, og tilhøyrde eit aristokrati som på fleire vis var prega av felleseuropeiske ideal og kultur-  og samfunnsutvikling. I kraft av sitt verv som lagmann har Sigurd aktivt delteke i forvaltninga av tankar om samfunnsregulering gjennom nyansert lovgjevning, likheit for lova, rettvise for alle og ivaretaking av svakarestilte grupper – tanker som har leidd fram til den velferdsstaten me kjenner i dag.

Sigurd vart funnen daud i Samlafjorden i 1303. Me veit ikkje kva skjebne han leid, men den dagen gjekk ein betydningsfull harding ut or historia.

Storgarden Aga vart etter Sigurds daud delt mellom døtrene hans. Seinare har garden vore delt fleire gonger, og garden gjekk gjennom historia frå å vera ein riddar sitt storgods til eit klyngetun med yrande liv, til i dag å vera eit freda kulturminne som vernast gjennom bruk. Her kan du gå opp same trapp og inn i same rom som dei gjekk, dei som skulle prøve saka si for lagmannen, den mektige Sigurd på Aga, for 750 år sida.

 

 

 

 

Kontakt
Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 884
E-post: agatunet@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X