– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utleige av lokale

Treng du lokale?

Agatunet leiger ut fleire av lokala. Her serverar me mat og drikke etter ynskje. Me kan og by på sidersmaking og omvising.
Det freda klyngetunet gjev ei heilt eigen råme kring arrangementet, anten det er konfirmasjon, vigsle, dåp og jubileumsfeiringar, eller ei fin stund med gode vener.
Ta kontakt, så finn me dei beste løysingane for ditt arrangement.

Me ser fram til å få dykk på besøk, og vil gjera vårt aller beste for at de skal få ei strålande stund i det stemingfulle Agatunet.

 

Utleigelokala våre:

Lagmannsstova og Lagmannsstovekjellaren

Kaféen og Grønastova

Johansstova

Asbjørnsløa

 

Teknisk utstyr

Me har fastmontert lerret, prosjektor og lydanlegg i Johansstova. Me har og et mindre lydanlegg (høgtalarar, mikrofonar, miksepult med 6 kanalar).


Servering

Agatunet serverar mat og drikke i samarbete med cateringleverandørar.
NB! Det er ikkje høve til å ta med eigen mat når ein har selskap i Agatunet, men me gjer unntak for eigne kaker til konfirmasjonar, jubileum og brudlaup.


Skjenking og alkoholservering

Agatunet har skjenkeløyve med alle rettar. Me har ein meny, og kan i tillegg tinga inn drikke etter kundane sine ynskje. Når ein planlegg selskapet kan ein velja om ein vil ha alt på same rekninga, eller om kvar gjest betalar sin eigen drikke, eller ein kombinasjon.
NB! Det er ikkje høve til å nyta medbrakte drikkevarar i Agatunet.


NB! Røyking forbode.

Agatunet er eit freda klyngetun med tett trehusbusetnad. Det er difor ikkje høve til å røykja i tunet, verken inne eller ute. Grillarrangement er heller ikkje tillete. 


Underhaldning og aktivitetar

Agatunet ynskjer å leggja til rette for eit spanande opphald hos oss, og kan by på ulike aktivitetar. Her er noko av det me kan arrangera:

  • Omvisning
    La våre engasjerte og dyktige omvisarar ta gjestene med på ein runde i tunet. De får høyra forteljinga om Sigurd Lagmann, sjå utstillingar, og høyra korleis det var å leva i eit klyngetun.
    Varigheit: om lag 45 min, kortare eller lengre etter ynskje.
    Pris: avheng av storleik på gruppen.
  • Konsert
    Fleire dyktige folkemusikarar kan tilby konsert eller musikalsk innslag i tunet i samband med middagar og arrangement.
    Pris: avheng av antall musikarar, varigheit og konsertlokale.
    Varigheit: om lag 45 min, kortare eller lengre etter ynskje.
  • Sidersmaking
    Hardanger er kjend som eit viktig siderområde. Siderproduksjonen her har utvikla seg sterkt dei siste åra, med fleire yngre produsentar som satsar høgt og har vunnet ei rekke prisar for produkta sine. Høyr historia om sideren samstundes som du får smaka dei edle dråpane. Me samarbeider med fleire lokale, premierte siderprodusentar i Ullensvang, og kan og tilby sider frå andre plassar i Hardanger. Ulike typar eplemost som alkoholfritt alternativ.
    Pris: etter avtale, avhengig av antal sortar og opplegg.
    Varigheit: mimium 15-20 min., lengre etter ynskje.

Har du andre ynskje, så gjer me vårt beste for å finne løysingar som høver deg!