– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sesongopning

sun25jun16:00sun18:00Sesongopningkonsert16:00 - 18:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Skredhaugen opnar for sesongen sundag 25. juni kl 16.00.

Sommaren er i gang på Skredhaugen på Lofthus. I år er den flotte kunstsamlinga etter Jon Bleie stilt ut. Her finn ein verk av Henrik Sørensen, Harald Kihle, Kristi Meland og andre kunstnarvener av Jon Bleie. I Nilsastova opnar utstillinga Glimt frå ein barndom, med bokillustrasjonar frå boka til Lars O. Bleie med same namn. Boka er illustrert med nydelege teikningar av Michal Tóth.
Under opningsprogrammet vert det høglesing frå boka, og konsert med folkemusikkgruppa Prikken over I-en. Til vanleg består bandet av fem dyktige musikarar, men denne helga stiller dei som akustisk trio. På konserten vil me få høyre gruppa si tolking av eit knippe norsk folkemusikk og musikk av kjende, norske artistar. På scena står: Ingelinn Hausberg – vokal, Ingrid Helena Bråvoll – trompet, med meir, og Håkon Laberg Lindgård – gitar.
Kafe ved Skredhaugens vener.

Tid

(Sundag) 16:00 - 18:00(GMT+00:00)

Billettsal på nett, restbillettar i døra

Billettsal

Sjå arrangementet på Facebook

Sjekk ut!