Maritimt verktøyseminar
ons16nov(nov 16)09:00fre18(nov 18)13:00Maritimt verktøyseminar
Om arrangementet
Maritimt verktøyseminar er eit årleg fagseminar, med skiftande tema. Seminaret vendar seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båt og bygningar. Seminaret er støtta
Om arrangementet
Maritimt verktøyseminar er eit årleg fagseminar, med skiftande tema. Seminaret vendar seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båt og bygningar. Seminaret er støtta av riksantikvaren og har vorte ein viktig møteplass for tradisjonshandverkarar.
Årets maritime verktøyseminar har spesialhøvlar som tema. Kursdeltakarane lager høvlar som dei manglar i verktøyparken sin. Profilhøvlar, staffhøvlar, rundholdthøvlar og suhøvlar, m. fleir vil truleg sjå dagens ljos gjennom seminardagane.
INSTRUKTØRAR: Peter Helland-Hansen, Ivar Hoflandsdal og Trond Oalann
PRIS: 3000,- Inkl. lunsj onsdag, torsdag og fredrag, og middag onsdag og torsdag
TID: 16.-18. november, onsdag Kl. 09.00-20.00, torsdag kl. 08.00-20.00 og fredag kl. 08.00 til 13.00
MÅLGRUPPE: Tradisjonshandverkarar
TA MED: Meir info og liste kjem
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: solvei.ljones@hvm.museum.no, innan 14. okt. 2022
Tid
16. November 2022 09:00 - 18. November 2022 13:00(GMT+00:00)
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.