Utstilling: Dokker i folkedrakt
sun16junsun01sepUtstilling: Dokker i folkedraktDokker i folkedrakt etter Tidemand
Om arrangementet
Sundag 16. juni opnar ein både sjarmerande og imponerande utstilling i kafélokalet på Hardanger folkemuseum: kring nydelege 20 dokker, kledd i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine portrett! Britt Kjellesvik Rage er
Om arrangementet
Sundag 16. juni opnar ein både sjarmerande og imponerande utstilling i kafélokalet på Hardanger folkemuseum: kring nydelege 20 dokker, kledd i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine portrett!
Britt Kjellesvik Rage er kunstnaren bak dei vakre dokkene. Ho har studert drakthistorie ved NTNU, og har galleri og verkstad på Våge på Tysnes. Ho er mest kjend for sine dokker i autentiske folkedrakter fra Vestlandet og mellomalder. Ho har drevet verkstaden på Breidablikk sidan 2000. No driv ho modulbaserte historiske draktstudier i Danmark.
Til utstillinga på Hardanger folkemuseum har ho med seg dokker som er utforma med utgangspunkt i Adolph Tidemand sine portrett. Tidemand arbeida over ein periode på 30 år, frå 1843 til 1847 med draktstudier – eit studie som er av høg kunstnerisk og kulturell verdi. Tidemand etterlet seg ei stor samling arbeider frå draktstudiene sine, både oljemaleri, teikningar, akvareller og skissebøker. Heile denne samlinga er i dag i Nasjonalgalleriets eie, der mange inngår i basisutstillinga.
Britt Rage kopierar i miniatyr draktene frå Tidemands bilete. Det er arbeid med ein imponerande utføring og detaljrikdom, samvitsfullt gjengjeve til minste detalj. Dokkene har vekt både nasjonal og internasjonal merksemd.
Britt har arbeidd mykje med eldre draktmateriale i ulike kanalar, og i tillegg til å setja opp utstillingar har ho og halde foredrag, skrive artiklar og blogga om emnet. I 1986 publiserte ho boka “Folkedrakter i Sunnhordaland – frå Tysnes på 1800-talet.” Ho har seinare bygd opp ein stor database database over gamle draktplagg frå Tysnes. Prosjektet vart realisert i 2009 som eksamensoppgåve i samband med studiet “Drakt og samfunn 2” på NTNU og Bunad- og folkedraktrådet. Databasen tel no nesten 500 plagg. Dei vert og presentert i ein flott blogg, som du kan besøka her. Ho har hatt ein rekkje utstillingar dei siste 30 åra.
Dette er ein flott utstilling med imponerande handverk, som formidlar kulturarven og drakthistoria vår på ein svært tilgjengeleg måte. Du finn ho på loftet, i kafélokalet!
Tid
16. juni 2019 13:00 - 1. September 2019 17:00(GMT+00:00)
Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.