– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Lagmannsstova

Riddarhall frå mellomalderen

Me er tilbakehaldne med utleige av Lagmannsstova. For tiden er det få arrangement som vil gjevast løyve, av di gulvet skal vølast.

 

Lagmannsstova er ein unik mellomalderbygning frå ca 1220. Bygget var bustad og representasjons- og gildehall for riddaren Sigurd Lagmann (ca. 1235-1303), er svært godt bevart. Dette er det aller eldste rettslokale me kjennar til i Noreg – her vart Bleiediplomet, den eldste fullstendige domsavgjerdsle i norske arkiv underskrevet 23. mai 1293. Me oppbevarar ein replika av diplomet i Lagmannsstova. På veggane heng originale ringbord frå mellomalderen, og stemninga i det høglofta, store rommet med dei imponerande tømmerveggane er heilt eigen – ein vert andektig av å koma inn her!

Dette særs eksklusive lokalet passar til dei heilt spesielle anledningane. Her vert det dekka på finaste vis, og de kan gleda dykk til ei stund med ei uforgløymeleg atmosfære!

Me kan dekka til kring 45 personar.
Lagmannsstova har ikkje straum, og høver derfor mindre godt for arrangement når det er kaldt.

 

 

Lagmannsstovekjellaren

Merk: Mogleigheit for utleige av dette lokale varierar med kva utstillingar me har. For tida (fra 2024) står Landslovutstillinga her, som gjer at lokale kun vil kunne nyttast til mindre gruppar for ståaende, enkel servering.

Den nordre kjellaren i Lagmannsstova høver godt i kombinasjon med andre lokaler, til sidersmaking eller liknande. Her kan me og dekka til mindre selskap. Kjellaren har hellelagte golv og kvitkalka vegger, små glugger i dei tjukke murane, og ein stemningsfull atmosfære. Kopien av gravsteinen til Sigurd Brynjulvsson står her.

Når det ikkje er utstilling i lokalet kan me dekke til kring 25 personar. Lokalet er uten strøm, og med begrensa naturleg lysinnslipp, og høver mindre godt for arrangement dei kaldare delane av året.