– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstillingar

I Lensmannsstova finn du kvart år ei ny kunstutstilling. I 2026 har veggane vore heim for nokre av kunstnaren Lars Korff Lofthus sine måleri og teikningar.

 

Som fast utstilling siden 2024 står landslovutstillinga LOV OM LAND. Den finn du i nordre kjellar i Lagmannsstova.

 

Den frivillige kunstgruppa vår har gjennom meir enn 30 år lagt ned eit stort og flott arbeid med å finna kunstnare, og få sett opp flotte kunstutstillingar. På høyloftet i Asbjørnsløa heng ei PLAKATUTSTILLING som syner fram heile historikken til kunstutstillingane i tunet, frå oppstarten i 1992 og til i dag.

 

Me inviterar kvart år  Kulturskulen i Ullensvang sine kunstfagelevar elevar til å laga utstilling av arbeida dei har laga gjennom skuleåret. KULTURSKULEUTSTILLINGA finn du i Johansstovekjellaren.

 

Barnehagen på Aga lagar årleg ei sesongutstilling, med skiftande tema. BARNEHAGEUTSTILLINGA står i Jakobsbua.

 

Utstillingar i 2026

Denne månaden

Du finn og mange flotte gjenstander, både husgeråd og landbruksreiskap og verkty rundt i dei ulike husa.

NB! Vår tidlegare faste draktutstilling – Gåva frå mor, som er ei samling plagg og gjenstandar frå same familie – fem generasjonar sine folkedraktar og bunadar, er no i naudsynt kvile  av omsyn til tekstilane. Ei tekstilfagleg vurdering av gjenstandane og utstillingstilhøva skal gjerast før vidare framsyning.