Utstilling: Ragnhild Aarvik
Om arrangementet
Årets ungdomsutstiller er Ragnhild Aarvik. Ho kjem frå Lofthus, men er busett i Oslo, der ho er under utdanning ved Kunstakademiet. Ho kjem til Agatunet med utstillinga Dagsrevyen, tur i skogen
Om arrangementet
Årets ungdomsutstiller er Ragnhild Aarvik. Ho kjem frå Lofthus, men er busett i Oslo, der ho er under utdanning ved Kunstakademiet.
Ho kjem til Agatunet med utstillinga Dagsrevyen, tur i skogen og Biola ved spesielle høve. Verka hennar er i hovudsak måleri i olje og akryl, i ulike format. Utstillinga heng til sundag 29. august.
Tittelen avslører ei tilnærming til det kvardagslige menneskelivet, men ber og i seg noko søkande og lengtande gjennom eit slektskap til typiske kontaktannonseformuleringer. Med ofte nære utsnitt og breie penselstrøk arbeider Ragnhild seg inn på menneskets daglege livsvilkår, og undersøker korleis livet spiller ut i spennet mellom kultur og sivilisasjon på eine sida, og natur og drift på den andre.
Utstillinga vert sett opp i Johanskjellaren, og er inkludert i ordinær billett.
Ragnhild Aarvik har tidlegare synt verka sine på mellom anna joleutstillingane til Hardanger kunstlag i 2017 og 2018, sommarutstillinga på Hotel Ullensvang i 2019, og fleire duo- og gruppeutstillingar i Oslo.