Arrangement utleige
mån22jan12:00Arrangement utleigeEi oversikt
Om arrangementet
Nokre av arrangementa i Kabuso kjem til gjennom utleige. Her finn du ei oversikt over aktuelle utleigearrangement av allmenn interesse: Frå januar: Kunst+yoga v/Devika Frå januar: Kvam senioruniversitet For desse arrangementet
Om arrangementet
Nokre av arrangementa i Kabuso kjem til gjennom utleige. Her finn du ei oversikt over aktuelle utleigearrangement av allmenn interesse:
For desse arrangementet er det arrangøren sjølv som gjer marknadsføring, sel billettar og liknande.
Arrangement av meir lukka karakter (seremoniar, bedriftseminar o.l.) vert ikkje oppførte her.
_____
- Saknar du arrangementet ditt i lista? Send gjerne link til info til post@kabuso.no
- Ynskjer du å arrangera noko på huset? Ta kontakt med utleigeansvarleg Stig: stig@kabuso.no / 917 22 857
Tid
22. januar 2024 12:00(GMT+00:00)
Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.