– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Trio Alde

tors06mai19:00Trio AldeSleppekonsert: Himlaleite - Songar av Fløgstad og Fliflet

Om arrangementet

Ny mogelegheit til å oppleva tre av våre fremste folkemusikarar i Kabuso; bli med på konsert torsdag 6. mai!

Den planlagde konserten i februar måtte diverre avlysast grunna smitteverntiltak. Kjøpte billettar vil bli refunderte (sjå SMS/e-post frå Ticketco).
>>> Billettar til konserten  6. mai finn du her

________________________________

Torsdag 6. mai klokka 19 inviterar Kabuso til konsert med tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre.

Trio Alde er:
Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song
Berit Opheim – song
Jorun Marie Kvernberg – feler, song m.m.

No dreg trioen på sleppeturné med si første plate:
Himlaleite – songar av Fløgstad og Fliflet. Her gjev dei oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet;
eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar – eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt.
Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song!

I tillegg til songane av Fløgstad og Fliflet, ausar Trio Alde òg av si store musikalske skattkiste, med både tradisjonsrike og nye tonar.
Ordet alde har forresten to tydingar: stor havbåre, dønning og hagefrukt. Ordet rommar altså både hav og hage – og peikar mot Vestlandet, der dei tre musikarane er heime.

Om musikarane:
Berit Opheim frå Voss er vokalist i særklasse. Ho er folkesongar og tradisjonsberar, men ho har òg briljert som Nattas dronning i Mozarts Tryllefløyta og trollbunde Carnegie Hall med tidlegmusikk i Trio Mediaeval. Berit har vunne eit berg med prisar og samarbeidd med ei rekke framståande musikarar innan både folkemusikk, jazz, barokk, samtids- og klassisk musikk.

Jorun Marie Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, og er ein felespelar med glød — både på vanleg fele og på hardingfele. Spelar harpeleik (zither) og syng gjer ho òg!
Jorun Marie har vore ei drivkraft i folkemusikkgruppene Majorstuen, Tindra og Kviven duo. Ho er ein produktiv komponist i vise- og folkemusikkstil, og har vunne mange prisar. Busett i Volda.

Gabriel Fliflet er bergensar, og ein musikar og musikkmakar som boltrar seg i mange folkelege musikktradisjonar. Mange kjenner han som trekkspelar og noko ustyrleg vokalist i duoen Fliflet/Hamre. Gabriel har samarbeidd med Berit sidan slutten av 1980-talet, og med Jorun Marie sidan 2012.

Om forfattaren Fløgstad og komponisten Fliflet:
Kjartan Fløgstad
er ein av dei store forfattarane i landet vårt. Han er glad i musikk, og har i heile sitt forfattarliv dikta songtekstar, som har dukka opp både i og utanfor romanane hans. Spennet er vidt, frå vare voggeviser til frodige historier, frå naturlyrikk til songar om kjærleik på skrinn grunn.

Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflet har laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar. Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!

Fliflet har komponert verk til m.a. Festspillene i Bergen og Vossajazz, og tidlegare tonesett forfattarar som Jon Fosse, Ragnar Hovland og Robert Burns

Foto og video: Thor Haukenes

Billettsal på nett

>>> Kjøp

Sjå arrangementet på Facebook

>>> Sjekk ut