Tønes duo
lau28okt20:00Tønes duoViser & humor
Om arrangementet
Ein laurdagskveld med Tønes duo – aiai! Hald av 28. oktober og still med gensaren rett veg kl 20 – for songar om yatzy, bondeliv og waldorfsalat og slikt. Det er
Om arrangementet
Ein laurdagskveld med Tønes duo – aiai! Hald av 28. oktober og still med gensaren rett veg kl 20 – for songar om yatzy, bondeliv og waldorfsalat og slikt.
Det er ei god stund sidan Tønes og Erlend Aasland stod på same scene, men no vert duoen endeleg foreina igjen.
Frank Tønes Tønnesen kjem frå den vesle bygda Sokndal i Rogaland og er ein av landets beste låtskrivarar og tekstforfattarar. Han har gjennom åra fått ein del merksemd for dei finurlege og insiktsfulle dialekt-tekstane sine om smått og stort. I løpet av haustens turne kan det henda ein blir introdusert for nokre nye slike. Men det er ingen som lovar noko. I alle fall ikkje Tønes.
Tønes har gitt ut 8 album, 4 EP-ar og skrive ei bok. Han har vunne Prøysenprisen, Dialektprisen og 4 Spellemannsprisar (vise/tekstforfattar).
Den sprudlande multiinstrumentalisten Erlend Aasland har ei bemerkelsesverdig evne til å meistra eit stort antal instrument og låtar på kort tid. Ingen veit kva slags nye instrument som vil dukka opp i haust. Sannsynlegvis ikkje han sjølv ein gong.
Velkomen til ein uforgløymeleg kveld i Kabuso!
Foto: Jan Ansgar Omdahl
Tid
28. oktober 2023 20:00(GMT+00:00)
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.