Stig Ulv
lau29okt20:00Stig UlvGitarbasert instrumental
Om arrangementet
Stig Ulv – gitar Stig Ulv er ein sta strengeinstrumentalist med underfundig humor som leikar seg gjennom sine møte med publikum. I 2021 feirar han ti år som soloartist og i
Om arrangementet
Stig Ulv – gitar
Stig Ulv er ein sta strengeinstrumentalist med underfundig humor som leikar seg gjennom sine møte med publikum. I 2021 feirar han ti år som soloartist og i 2022 er han klar med bok. Boka har fått namnet, Strengar av ord, og no vil ein konsert med Stig Ulv innehalde musikk, opplesing og bilete.
Tekstane baserer seg på melodiane til Stig Ulv og lyttarane vil nok bli overraska når han no blir ei krysning av musikar og poet. Musikken er den same, men forma vil vere litt anleis.
Gitaristen frå Ørsta har sakte, men sikkert tileigna seg eit stort publikum rundt om i landet. Han har pakka koffertane med instrumenta i bilen, og køyrt tusenvis av mil for å møte dei som har trengt ei pause frå kvardagen. Alle dei som helst vil lukke auga, vende blikket innover og ta med seg musikken til Stig Ulv på reisa.
Han har sjølv laga melodien med det treffande namnet “Strengetonar”. Det er øvinga han har blitt ein einar i. Fingrane flyg ikkje over gripebrettet for å imponere, men for å fange stemningane i den vestlandske naturen, i sorg og melankoli.
Men ei konsertoppleving med Stig Ulv byr også på latter og i blant latterkrampe. Han kommuniserer direkte med sine tilhøyrar gjennom sjølvironiske anekdotar. Han tar ikkje seg sjølv alvorleg – men tilhengjarane tar absolutt Stig Ulv seriøst. Tekstane på melodiane inneheld både humor og alvor, men Stig Ulv sin signatur vil du finne i både tekst og musikk.
Tid
29. oktober 2022 20:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
>>> KJØPProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.