Stein Urheim & Kosmolodiensemblet
tors17feb20:00Stein Urheim & KosmolodiensembletKULT-GITARIST MED ALL-STAR BAND!
Om arrangementet
BERGENSK KULT-GITARIST MED ALL-STAR BAND VITJAR KABUSO MED EI GOD BLANDING AV COUNTRY-ROCK, WORLD-JAZZ OG HERLEGE VESTKYSTVIBBAR! Likar du Grateful Dead? Ry Cooder? John Coltrane? Då er denne konserten garantert
Om arrangementet
BERGENSK KULT-GITARIST MED ALL-STAR BAND VITJAR KABUSO MED EI GOD BLANDING AV COUNTRY-ROCK, WORLD-JAZZ OG HERLEGE VESTKYSTVIBBAR!
Likar du Grateful Dead? Ry Cooder? John Coltrane? Då er denne konserten garantert noko for deg!
Her får du servert ei velkomponert blanding av Country-rock, world-jazz og pop-americana framført av kult-gitarist Stein Urheim saman med dei dyktige multi-instrumentalistane Hans Hulbækmo, Kåre Opheim og Ole Morten Vågan.
Stein Urheim er ein bergens-basert gitarist og komponist som har dukka opp i eit stadig aukande antal konstellasjonar dei siste åra. Han opererer i fleire forskjellige genrer og jobbar som studiomusikar med eit breitt utval av artistar.
Han har turnert og spela konsertar sidan midten av 90-talet, sluppe 7 album under eige namn, i tillegg til å bidra på meir enn 60 innspelingar med artistar og band som The Last Hurrah!, Erlend Apneseth, Gabriel Fliflet , Thea Hjelmeland og Hildo.
Frå 2011 til 2015 var han med på tre kritikarroste duo-album med songar og komponist Mari Kvien Brunvoll på Bugge Wesseltoft sitt plateselskap Jazzland.
Sidan 2012 har solo-albuma til Stein Urheim vore gitt ut på Hubro Music, eit plateselskap dedikert til den norske jazz og improvisasjons-scena.
Siste album, Downhill Uplift, kom i 2020. Ei blanding av sterke melodiar og smakfulle lagvise instrumenteringar vekkjer ei spanande akustisk verd der country-rock møter world-jazz og pirkar så vidt bort i ein slags pop-americana. Likar du Grateful Dead, Ry Cooder og John Coltrane så er dette noko for deg.
Til Kabuso 17.februar har han med seg musikarane frå denne plata, som består av ikkje mindre enn to trommeslagarar i form av perkusjonistane og multiinstrumentalistane Kåre Opheim og Hans Hulbøkmo, i tillegg til kontrabassist Ole Morten Vågan.
Tid
17. februar 2022 20:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.