STEIN TORLEIF BJELLA
lau01okt20:00STEIN TORLEIF BJELLASØRGMODIG GLEDE OG ROMANTISK HJARTESORG
Om arrangementet
Ein av våre aller største visekunstnarar leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne få er i nærleiken av. Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten «Heidersmenn» i 2009.
Om arrangementet
Ein av våre aller største visekunstnarar leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne få er i nærleiken av.
Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten «Heidersmenn» i 2009.
To år seinare innkasserte oppfylgjaren «Vonde Visu» Spellemannprisen.
«Heim for å døy» avslutta trilogien i 2013, med førsteplass på VG-lista.
I 2016 kom «Gode Liv», Bjellas fjerde soloalbum.
Bjella har også bla motteke Edvardprisen, Prøysenprisen og Bendiksenprisen.
I 2017 debuterte Bjella som forfattar då diktsamlinga” Jordsjukantologien Nr. 1”
vart utgjeven til særs gode kritikkar. Same år vart teaterstykke «Kan nokon gripe
inn», basert på Bjellas tekstar, sett av 33.000 på det Norske Teateret.
I 2018 kom langspelalbumet «Jordsjukantologien nr. 1 musikken», i sjangeren spokenwords.
24. april 2020 kom Bjellas 6. soloalbum; «Øvre-Ål Toneakademi» motteke med strålande meldingar.
Det er med andre berre å gle seg til eit nytt dykk ned i Bjellas låtunivers når han besøkjer Øystese og Kabuso laurdag 1. oktober!
Tid
1. oktober 2022 20:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.