SIRIL MALMEDAL HAUGE & JACOB YOUNG
lau05feb20:0021:00SIRIL MALMEDAL HAUGE & JACOB YOUNGLaurdagskonsert i kafeen!
Om arrangementet
Velkomen til laurdagskonsert i kafeen i Kabuso! 5.f ebruar får me besøk av ein nydeleg duo som består av vokalist Siril Malmedal Hauge & Jakob Young! Vokalist Siril Malmedal Hauge møtte gitaristen
Om arrangementet
– Erik Valebrokk
“Duo-debut med håndverk og kunst”
– Terje Mosnes
Albumet har fått strålande kritikkar frå inn og utland, og har blant anna havna på Best Releases Of 2020 frå Allaboutjazz (NYC) og Japanske “Disk Union” si List of Best Records in 2020.
“The blend of songs and the unique style that this duo have created look set to make this album every bit as successful as their last.” – Jazzviews (UK)
«Chasing Sunsets» inneheld 12 spanande låter. Med tre originalkomposisjonar kvar, tolkar dei i tillegg seks kjende låtar frå verdas populærmusikkatalog, med ynskje om å setje eit personleg preg på eigne låtar og å tilføre coverversjonane noko nytt som dei kanskje ikkje hadde tidlegare.
Tid
5. februar 2022 20:00 - 21:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.