Sinikka Langeland - Vind og sol
tors03jun20:00Sinikka Langeland - Vind og solMusikalsk stjernelag + Fosse-tekstar
Om arrangementet
Sinikka Langeland og hennar stjernelag presenterar Vind og sol med tekstar av Jon Fosse – i Kabuso torsdag 3. juni kl 20 (merk nytt tidspunkt)! Medverkande: Sinikka Langeland – vokal,
Om arrangementet
Sinikka Langeland og hennar stjernelag presenterar Vind og sol med tekstar av Jon Fosse – i Kabuso torsdag 3. juni kl 20 (merk nytt tidspunkt)!
Medverkande:
Sinikka Langeland – vokal, kantele
Mathias Eick – trompet
Trygve Seim – saksofon
Mats Eilertsen – bass
Thomas Strønen – trommer
Dikt: Jon Fosse
Musikk: Sinikka Langeland
Vinteren 2021 hadde Sinikka Langeland premiere på ny musikk og poesi for sitt stjernelag av musikarar. Denne gongen har ho sett musikk til dikt av Jon Fosse og musikarane løftar komposisjonane med sine improvisasjonar og eminente ensemblespel.
Sinikka har ei djup interesse for naturmystikk og i Jon Fosse sine dikt finn ho ein klangbotn som resonnerar. Musikken er folketonebasert, men ho ynskjer og å setja det tidlause aspektet i dikta inn i vår tid med musikarar som bidreg med eit moderne uttrykk. Dei er alle solister av ypperste klasse med eigne ensemble og internasjonale karrierar.
Kantelen lyder nesten som eit orkester i seg sjølv og saman med dei veletablerte ECM-musikarane er ho klar for konsertar inspirert av Jon Fosse sine tidlause vestlandslandskap i vind, sol, hav og himmel.
Velkomen til ei oppleving heilt utanom det vanlege!
Tid
3. juni 2021 20:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.