– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

verna skip som formidlingsarena

ons01mar12:00tors02(mar 2)12:00verna skip som formidlingsarenaSeminar12:00 - 12:00 (2)(GMT+00:00)

Om arrangementet

Hardanger fartøyvernsenter inviterer til lunsj til lunsj seminar 1.-2. mars med tema verna skip som formidlingsarena og korleis me gjer fartøya relevante i vår tid.
Aktuelle deltakarar er alle som er engasjert i fartøyvern.
Ei utfordring i fartøyvernet er å gjera fartøya interessante for publikum. Møte med publikum skjer gjennom vår formidling av fartøya som maritime kulturminne. Denne erkjenninga gjer at fartøyvern handlar om meir en vedlikehald og drift, og at rekruttering av frivillige skjer gjennom aktiv formidling.

Seminaret har mål av seg til å løfte fram gode eksempel på formidlings -og rekrutteringsarbeid og gi inspirasjon og auka kunnskap kring temaet.

Påmelding:
Meld deg på via epost eller telefon til
sidsel.haugen@fartoyvern.no | 411 03 643. Sidsel kan og kontaktast angåande praktiske ting.

Har du spørsmål om innhald og fagleg opplegg ta kontakt med Geir Madsen: geir.madsen@fartoyvern.no | 489 94 241

—-

Program
Onsdag 1. mars
kl 1200 Registrering, betaling og lunsj
kl 1300 Velkomen til Hardanger fartøyvernsenter
kl 1305 Introduksjon til seminaret v/Geir Madsen, seminarleiar og seniorkonsulent ved HFS
kl 1320 Ditt fartøy er unikt; fartøyet som historisk-teknisk kjelde v/Håvard Gjerde, fartøyvernkonsulent ved HFS
kl 1410 Formidling løftar opplevinga av reisa med DS «Stord I» v/Harald Kvinge, styremedlem DS Stord
kl 1600 Frivilligheit og engasjement; motivere, vedlikehalde og utvikle. Workshop med Sidsel Haugen, tidl. leiar av frivilligsentralen i Kvam, no tilsett ved HFS

kl 1900 Felles 3-rettars middag på Thon Sandven hotel

Torsdag 2. mars
kl 0900 SJ Mathilde – 30 år med formidling v/Heidi Richardson, museumsleiar HFS
kl 1000 DS Hestmanden – om å sjå an sitt publikum v/Stian Engedal Lunde, formidlar Norsk krigsseilermuseum
kl 1100 Galeas Gurine i Rosendal engasjerer og organiserer til frivilligheit v/Anders Jordal, styreleiar og Bjarne Øymyr, driftsansvarleg
kl 1200 Lunsj med evaluering og ordet fritt. Forslag til neste års tema v/Morten Hesthammer HFS (Atterhald om endringer i programmet.

Tid

1 (Onsdag) 12:00 - 2 (Torsdag) 12:00(GMT+00:00)

Sjå arrangementet på Facebook

>>> Sjekk ut