Ingrid Standal Sørheim
mån01jul13:00ons31(jul 31)13:30Ingrid Standal SørheimPop Up-konsertar
Om arrangementet
I sommar vert det pop up konsertar med Ingrid Standal Sørheim (toradar) i/ved/nær Kunsthuset Kabuso kvar måndag-fredag i juli. Konsertane vil finna stad på ulike stader og rom i Kabuso,
Om arrangementet
I sommar vert det pop up konsertar med Ingrid Standal Sørheim (toradar) i/ved/nær Kunsthuset Kabuso kvar måndag-fredag i juli.
Konsertane vil finna stad på ulike stader og rom i Kabuso, Ingebrigt Vik museum, Hardanger Skyspace, inne og ute….
Oppmøte:
I resepsjonen på Kabuso (om ikkje anna er nemnd)
____________
Om Ingrid Standal Sørheim:
Ingrid går til hausten inn i sitt fjerde år som folkemusikkstudent ved Ole Bull Akademiet på Voss.
Når ho ikkje blandar norsk og britisk tradisjonsmusikk i trioen sin Vesterveg, fordjupar ho seg i heimtradisjonen frå Hardanger.
Med ein forkjærleik for lydarslåttar og spreke springarar overfører ho slåttar frå hardingfele til durspel, og entusiasmen og musikkgleda hennar skin gjennom einkvar melodi ho rører ved.
Trass sin unge alder hevdar ho seg allereie i toppen av durspelklassa på Landskappleiken og er ettertrakta som både konsertspelar og instruktør på Vestlandet
Gå ikkje glipp av ein eller fleire av hennar pop up konsertar i Kabuso denne sommaren!
Konsertane vert gjennomført i samarbeid med hardingfela.no
I tillegg til Kabuso, spelar Ingrid ved Steinsdalsfossen kl 11 og på Hardanger fartøyvernsenter klokka 15.
_____
Pris: Gratis på inngangsbilletten i Kabuso (kr 100,- / 55,- / gratis under 16 år)
Legg du ut film eller bilde på sosiale medier?
Merk oss gjerne med ein eller fleire av fylgjande emneknaggar: #popupkabuso #Kabuso #Kunsthusekabuso #IngebrigtVikmuseum #IVM #HardangerSkyspace #Skyspace
Tid
1. juli 2019 13:00 - 31. juli 2019 13:30(GMT+00:00)
Stad
Du må vera innlogga for å sjå denne informasjonen Innlogging
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.