OVE HARDER FINSETH
lau21mai(mai 21)11:00sun04sep(sep 4)16:00OVE HARDER FINSETHTekstilutstilling
Om arrangementet
Me er sers stolte over å presentera Ove
Om arrangementet
Me er sers stolte over å presentera Ove Harder Finseth som utstiller i Agatunet i 2022!
Ove Harder Finseth er klesdesigner og tekstilkunstner. Han er mellom anna kjent for å ha laga brurekjolen til Kronprinsesse Mette-Marit. Harder Finset henter mykje inspirasjon frå gamal tid, og arbeider med eldre moter og dekorasjonsteknikkar, ofte i klassisk stil. Til Agatunet kjem han med nokre tidlegare kreasjonar, men lagar óg mykje spesifikt til og inspirert av tunet – ein plass han har vitja ved fleire høve og som har teke tak og vorte verande i han. Den stemninga og tankane som har kome ut av møtet med Agatunet vil han visa gjennom denne utstillinga. Ho inneheld mykje broderi og mange tilarbeidde eldre tekstilar som vert gjeve nytt liv, og kjem til å setjast opp i fleire ulike bygningar i tunet, der verk og rom vil verka saman.
Utstillinga står frå 21.mai til og med 04.09. 2022.
Dette vert fantastisk – gled dykk!
Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.