Utstillingsopning
lau05sep14:00UtstillingsopningVestlandsutstillingen 2020
Om arrangementet
Velkomen til utstillingsopning av tradisjonsrike Vestlandsutstillingen i Kabuso, laurdag 5. september kl 14! Opning ved ordførar i Kvam, Torgeir Næss. Forfriskingar og open kafé Rutebuss frå Bergen, nr 925: Avreise kl. 11.55
Om arrangementet
Velkomen til utstillingsopning av tradisjonsrike Vestlandsutstillingen i Kabuso, laurdag 5. september kl 14!
Opning ved ordførar i Kvam, Torgeir Næss.
Forfriskingar og open kafé
Rutebuss frå Bergen, nr 925: Avreise kl. 11.55 (ankomst 13.40) perrong O.
Retur frå Kabuso kl. 15.40 og 17.20.
Om utstillinga:
I perioden 5. september til 4. oktober kan du oppleva verk av eit utval kunstnarar med tilknyting til Vestlandet – då kjem nemleg Vestlandsutstillingen 2020 til Kabuso.
Til Vestlandsutstillingen 2020 har kurator Elise By Olsen teke utgangspunkt i førestillingar om det ‘typisk’ norske i møte med det ‘typisk’ internasjonale innan samtidskunst. Det vestlandske landskap er levande nasjonalromantikk som til eikvar tid er synleg for området sine kunstnarar og dermed uunngåeleg. By Olsen interesserer seg for korleis landskapet formar kunsten den dag i dag. Samstundes lever me i ei tid der det er enkelt å delta i kunstnarlege diskursar utanfor sin lokale eksistens. I kjølvatnet av ein digital revolusjon, som nettopp er fri for mentale og fysiske avgrensingar gjennom tid og rom, spør kuratoren seg om det går an å tenkje nasjonalromantikk på nytt? Til svar har ho valt ut kunstnarar som går i nær dialog med sine omgjevnader – gjennom organiske prosessar, tidkrevjande metodar og handfaste materialar. I Vestlandsutstillingen 2020 vert forventningar om kuratorisk heilskap og geografisk tilhøyrsle forkasta til fordel for spontane, og overraskande analoge, spenningar mellom materialar, verk og publikum.
Deltakande kunstnarar – klikk på namn for meir info:
Ananda Serné
Catalina Aguilera
Eli Maria Lundgaard
Hans-Marius Pilskog Giske
Inga S. Søreide
Jan Kåre Ruud
Matias Kiil
Marit Silsand
Sofia Heinonen
Sofia Eliasson
Steinar Haga Kristensen
Thor Tao
Tore Winsents
Urd Pedersen
Vilde Salhus Røed
Kurator: Elise By Olsen
Tid
5. September 2020 14:00(GMT+00:00)
Sjå arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.