Lansering av boka Attrå
lau21sep17:0019:00Lansering av boka AttråBoklansering 21.september - Agatunet - kl 17:00
Om arrangementet
Lansering av boka ATTRÅ – om Lars Korff Lofthus sin kunst Samtale mellom kunstnaren og Tora Døskeland Laurdag 21. september
Om arrangementet
Lansering av boka ATTRÅ – om Lars Korff Lofthus sin kunst
Samtale mellom kunstnaren og Tora Døskeland
Laurdag 21. september er det Hardanger-lansering av boka i Agatunet. Der møter kunstnaren forfattar, litteraturvitar og formidlar Tora Døskeland, busett i Grimo.
Biletkunstnaren Lars Korff Lofthus frå Lofthus, har den siste tida hausta anerkjenning for sin måte å presentere folkekultur, natur og erotikk. No kjem boka ATTRÅ om hans kunstnarskap.
Boka er ein presentasjon av kunstnarskapen til Lars, med særleg fokus på dei fire siste separatutstillingane hans, blant anna undersøkt av forskar og sosiolog Merete Jonvik, og meir subjektivt av kulturskribent, kritikar og kurator Bjørn Hatterud. Boka gir også lesaren innblikk i prosessen bak bileta.
Arrangementet er gratis, men meld din ankomst ved å kjøpe gratisbillett i lenka under.
Lars Korff Lofthus sine verk har denne sommaren vore stilt ut i Kristiansand Kunsthall.
Lars Korff Lofthus er oppvaksen på Lofthus og utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, avd. Kunstakademiet, Det kongelige Danske Kunstakademi og Nordiska Konstskolan i Kokkola, Finland. Arbeida hans er kjøpt inn av blant anna Nasjonalmuseet, Bergen Kunstmuseum KODE, Oslo kommune, Equinor og Universitetet i Agder. Kunstnaren veksler mellom bustad i Bergen og Hardanger, der han også har arbeidsplass og atelier i det tidlegare fruktlageret på Børve.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Agatunet og Hardanger kunstlag.
Foto maleri:
Interiør (Rambergstova) 2024
Akryl og pigment på lerret 190 x 320 cm
foto: Bent René Synnevåg
Billettsal på nett
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.