– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kveldshymner

sun07nov18:00Kveldshymner

Om arrangementet

Berit Opheim – song
Aasmund Kaldestad – song
Thor-Harald Johnsen – lutt, mandolin og sampling
Nils Økland – diverse feler
Mikko Perkola – viola da gamba

På programmet står engelske songar frå 1500 og 1600-tallet, av komponistane Henry Purcell, Thomas Champion og John Dowland, saman med balladar frå norsk seinmiddelalder.
Alt er tematisk bunde saman og handlar om undring og betraktningar omkring døden. Songane blei til i ei tid der menneska nok var omgitt av sjukdom, nød og død i større grad enn i vår moderne vestlege verd.

Her kan du reflektere rundt eige liv, og kring eigen død, eller det å miste nokon du hadde kjær. Korleis skal ein forhalde seg til døden? Kva kan refleksjonar rundt døden tilføre livet her og no? Kva kan desse gamle tekstane og melodiane gi oss i dag? Kanskje finst det ikkje noko svar på desse spørsmåla, men dei kan gje djupare meining til livet her og no.

Nokre av dei engelske songane er gjendikta til nynorsk av forfattaren Per Olav Kaldestad.
Programmet er sett saman i samarbeid med regissøren Tore Nysæther.

Om utøvarane:

Berit Opheim – song
Er frå Voss. Studert ved Bergen Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole. Tilsett ved Ole Bull Akademiet som 1. amanuensis.
Er aktiv innan folkemusikk/samtidsmusikk/ tidleg barokkmusikk/middelaldermusikk/improvisasjon.
Stor aktivitet som soloutøvar og har urframført mange nyskrivne verk i ulike stilretningar m.a av Lasse Thoresen og Henrik Ødegaard.
Tidlegare medlem av Trio Mediæval og har samarbeidd med m.a. Rolf Lislevand, Bjørn Kjellemyr, Karl Seglem, Det Norske Solistkor og Grete Pedersen, Oslo Kammerkor, Kringkastingsorkeseteret, Tore Brunborg, Gabriel Fliflet, Sondre Bratland, Håkon Høgemo og Arve Henriksen.
Var Nattens Dronning og Papagena i folkeversjonen av Tryllefløyta 2005/2006.
Har vunne Landskappleiken fleire gongar.
Har deltatt på ca 45 cd-innspelingar.

Aasmund Kaldestad – song
Har jobba som frilanssongar sidan 2000.
Utdanninga i song tok han ved Musikkonservatoriet i Stavanger og The Royal Academy of Music i London. Sist under leiing av Ian Partridge med hovudvekt på tidleg engelsk musikk.
Han har jobba innanfor fleire musikalske sjangrar, til dømes som solist i førestellinga Die Massnahme med premiere under Festspillene i Bergen (2007) og Salzburger Festspiele (2008).
Han har medverka i over 200 show over heile landet, og vore engasjert som songar og skodespelar på Den Nationale Scene i Bergen to periodar frå 2000 og 2002.
Han har også turnért med programmet ”Shakespeare i ord og tonar” saman med forfattar Per Olav Kaldestad og luttenist Vegard Lund.
Aasmund har medverka i mange samanhengar både på scene, som plateartist og på fjernsyn.
Han har komponert musikk (ikke minst til teater/musikal) og turnert land og strand rundt både som soloartist og som ein del av trioen ‘Tenorane’.

Thor-Harald Johnsen – lutt, mandolin og sampling
Den norske lutenisten Thor-Harald Johnsen jobbar og bur for tida i Berlin.
Han studerte klassisk gitar ved Oslo musikkhøgskole, og utvikla sine musikalske ferdigheter på klassisk og elektrisk gitar og eit bredt spekter av
folkemusikkinstrument som charango, balalaika, banjo og mandolin.
I 2000 starta han å studere historiske instrument i Trossingen saman med Rolf Lislevand, som han sidan har jobba med mange konsertar og CD-innspillingar med (Alfabeto / Naïve 2001, Nuove Musiche / ECM 2006, Diminuito/ ECM 2010, etc.). I 2016 blei albumet Scaramanzia / Naïve tildelt Echo Klassikpreis.
For sine studier av det tyske lutrepertoaret på 1600-tallet fekk han et RWE-stipend.
Mellom 2013 og 2017 leia han forskningsprosjektet “How to grow a band” på Griegakademiet i
Bergen, finansiert av Norsk kulturråd og Bergen kommune.
Hans særs personlege spelestil og arrangementa hans kan ein oppleve på innspelingene Musica Boscareccia / Pan Classics 2015 og Concerto Stella Matutina CD Nuove Invenzioni / Sony Classical 2018.

Nils Økland – diverse feler
Har vore solist og samarbeidd med fleire orkester og ensemble, som Trio Mediæval, Engegårdkvartetten, BBC Consert Orchestra, Kringkastingsorkesteret, Christian
Wallumrød Ensemble, Oriental Winds of the Baroque ,Esbjerg Ensemble og Bergens Filharmoniske orkester.
Han har vore musikkleiar ved Ole Bull Akademiet 1989-1995, har ellers jobba som profesjonell frilansmusikar/komponist sidan 1985.
Han har motteke fleire prisar som Spellemannspris (1984), Rogaland Fylkes kulturpris 2010, Osaprisen 2010, Haugesund kommunes kulturpris 2011.
Han har også hatt fleire bestillingsverk for teater, og fleire konsertar i Europa, USA, Midt-Austen og Asia.

 

Mikko Perkola – viola da gamba
Har studert Vialo da Gamba ved Päijät-Häme konservatoriet, Sibelius-akademiet og ved det Kongelige konservatoriet i Haag.
Han har utøvd og spelt inn kammermusikk fleire stader i verda, og hans innspelingar av Bach sine gambe-sonater (Naxos 2008)
med Aapo Hakkinen, og Couperin´s gama suites (Naxos 2011) har blitt særleg godt mottatt.
Han har også vore medlem av det annerkjente engelskbaserte Phantasm, som har ført han frå Wigmore Hall i London til Hong Hong i 2017.
Perkola er ein allsidig musikar, og opptrer også i andre settingar enn tidleg musikk. Han har eit tett samarbeid med jazzsaxofonisten Jukka Perko, og konsertar med Quartet
Ajaton (Vokal, Moog synthezeiser, Bandeon og Viola da gamba).
Han har også jobba innan for teater som til dømes Det finske nasjonalteaterets og Lahti teateret

Tore Nysæther – regissør
Skodespelar, tekstforfattar og instruktør.
Han var engasjert ved Riksteateret 1983–86, deretter ved Den Nationale Scene i Bergen der han mellom anna framførte einpersonførestellinga Barrabas bygd på Pär Lagerkvist
sin roman. I seinare år har han medverka i produksjonar han har skrive, og regissert over 40 revyar, kabaretar og førestellingar, samt gjendikta Jaques Brel, Conor MacPherson med fleire.
I 2012 Skreiv han teksten til førestellinga «Veggen», med musikk av Karoline Krüger, som vant Heddaprisen for beste barneførestelling 2012.
Gjendiktet og dramatiserte suksessforestillingen «Rockeulven» for Den Nationale Scene i Bergen saman med Solrun Iversen, og A.O. Vinje-programmet ”På Geitevis” for Førdefestivalen i
2018.

Billettsal på nett

>>> KJøp