AVLYST! KURS: Reipslaging
fre07mai(mai 7)17:00sun09(mai 9)14:00AVLYST! KURS: Reipslaging
Om arrangementet
På dette kurset skal du få ei innføring i reipslaging frå fiber til trosse. Me rigger opp 3 ulike reiparbanar og roterer mellom dei. Frå handspinning av fiber til garn,
Om arrangementet
På dette kurset skal du få ei innføring i reipslaging frå fiber til trosse. Me rigger opp 3 ulike reiparbanar og roterer mellom dei. Frå handspinning av fiber til garn, til ferdig slått tau. Me kjem innom ulike materialar som har vore vanleg på reiparbanar, samt faget si historie og kva kvalitet i tau inneber. Du vil sjå på tau med heilt nye auge etter desse dagane!
INSTRUKTØR: Ingunn Undrum
PRIS: 4000,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Nybyrjar/alle
TA MED: Kniv
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 16. april 2021
>>> Sjå samla kursprogram for Hardanger og Voss museum pr januar 2021
Tid
7. mai 2021 17:00 - 9. mai 2021 14:00(GMT+00:00)
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.