– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kurs: Pilfletting

fre01apr17:00sun03(apr 3)17:00Kurs: PilflettingLag di eiga korg!

Om arrangementet

Helga 1.4-3.4.2021 inviterar me til kurs i pilfletting med Hege Iren Aasdal.

Lærar Hege Iren Aasdal er korgmaker, og er no stipendiat for Handverksinstituttet – der ho fordyper seg spesielt i korger i splitta materiale. På dette kurset lærar me grunnleggjande teknikkar i korgfletting. Det vert undervist i mellom anna ulike sideflettingar og påsetting av hank med meire. Ein kan flette ei rund eller oval korg, og velgja mellom ulike løysinger på hank eller handtak. Kurset høver for alle, frå nybyrjarar til øva.

Kurset kostar 4200 kroner, og inkluderer kaffi/te/kaffimat gjennom kurset, samt to varme måltid og lån av verkty. Materialkostnader ca. 500 kr. Ta med deg forkle, hagesaks og tollekniv. Kurset arrangerast i samarbeid med Folgefonn husflidslag. NB! Medlem av Norges husflidslag får 500 kr. rabatt.

Påmelding til agatunet@hvm.museum.no.

2 veker før kurset vert pilen lagt i bløyt, sein påmelding er difor ikkje mogleg. Me ynskjer påmelding innan 07.03.22 Avmeldingfrist er 15.03.22.

Har du spørsmål? Ring 94496984 eller send epost til agatunet@hvm.museum.no

Tid

1 (Fredag) 17:00 - 3 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)