Kurs hardangersaum
Om arrangementet
Hardanger folkemuseum inviterer til helgekurs i hardangersaum 24.-26. september 2021. Kurset inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.Like tilbake til 1600-talet har kvinner
Om arrangementet
Hardanger folkemuseum inviterer til helgekurs i hardangersaum 24.-26. september 2021. Kurset inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. Lat vår kurslærar ta deg med til hardangersaumens arnestad, og syna deg saumens løyndomar.
Kurs i hardangersaum inkluderer tre dagars kurs med omvisingar, foredrag, magasinbesøk, overnatting, frokost, lunsj og middag.
Tidspunkt
24. – 26. september 2021. Påmelding innan 1. september 2021.
Andre tidspunkt kan avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 5 påmeldte deltakarar kan kursa verta avlyste.
Prisar
Kurs med overnatting i dobbeltrom og fullpensjon 7.650,-
Enkeltromstillegg 1.440,-
inkluderar kursavgift, overnatting tre netter og alle måltid fredag til sundag.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
Alternativ utan overnatting
Kurs dagtid og lunsj tre dagar 3.800,-
For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
>>> Program hardangersaumkurs 2021
>>> Samla kursprogram for Hardanger og Voss museum pr januar 2021
Tid
24 (Fredag) 09:30 - 26 (Sundag) 14:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
Boklansering
For familien
Konsert
Kunst og kultur
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdemuseum
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
lau21sep12:00lau19:00Open kafé og bruktmarked
Om arrangementet
Det blir so stille no når sommarsesongen er over. Difor vil me ha open kafé laurdag 21.september, og oppmodar bygdefolket til å sette av tid til eit kafèbesøk på Agatunet. Me
Om arrangementet
Det blir so stille no når sommarsesongen er over. Difor vil me ha open kafé laurdag 21.september, og oppmodar bygdefolket til å sette av tid til eit kafèbesøk på Agatunet.
Me har litt is som me sel til halv pris, kaker og kaffi, og elles fine ting i museumsbutikken: Nyttige og fine ting i tre, laga i Hardanger og på Voss, bruksvarer i kjeramikk laga i Bergen, fine gamle plakatar, og sjølvsagt bøker. Riddarrommet med prinsessekjolar og riddarkostymer vil óg være ope.
I Asbjørnsløa blir det eit eksklusivt bruktmarked. Her vert det seldt utvalde skattar denne ettermiddagen.
Kl. 17:00 blir det lansering av boka ATTRÅ om kunsten til Lars Korff Lofthus. Sjå eige arrangement.
Håpar me sjåast.